meiningar

Våt, smal veg gjennom skog ved Eikeland, med vatn i vegkanten og eit flaumsymbol ved sida av vegen.
Dette bildet er frå Eikeland. Her synk vegen ned i myra, og vatnet står no over heile vegbana når det regnar moderat eller meir. I vinter var det full flaum her. Då dukka fylket/Mesta opp med Obs-skilt om flaum. Skilta ligg fortsatt i vegkanten – så dei ser vel problemet som løyst?

Er det dette skatte­pengane mine går til?

Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine meiningar og haldningar.

Det er mange moglege svar på spørsmålet Karpe stilte nokre år tilbake. Men som øklandsbu er det ikkje vanskeleg å finne ut kor penga ikkje går – dei går ikkje til fylkesvegane i Vestland.

Å måtte nytta Øklandsvegen i kvardagen samstundes som ein betaler skatt til Vestland fylkeskommune er ei erfaring det er umogleg ikkje å ta som ei kreativ fornærming. Ein kunne håpe dette var eit unntak frå regelen, men ein rundtur i Sveio syner fort at det diverre ikkje er tilfelle. Alle som nyttar fylkesvegane dagleg kan beskrive førre vinter basert på telehiva sin storleik og kva langtidsverknad det fekk for vegbana. No står ein ny vinter for døra, og sjølv om den neppe blir som i fjor kan det verte tele denne gongen også.

Ja, det er fylket som har ansvaret – men kommunen har ein betydeleg del av befolkninga langs fylkesvegane. Kan kommunen svare på kva som vert gjort mot fylket for å få fokus på saka? Eller mot Stortinget? All makt skal visst vere samla i den salen, men å få tak på vedlikehaldsetterslepet på Noreg sine fylkesvegar i 2026 – der er dei visst fullstendig makteslause.

Auklandshamn bygdalag
Arild Høyland, leiar

Powered by Labrador CMS