nyhende
Bil i elv i Vågedalen – førar sat fastklemt
Ein personen som sat fastklemt er henta ut.
SISTE: Klokka 08.53 melder politiet at føraren er ei kvinne slutten av 20-åra.
– Ho blir tilsett av helse på staden. Bilbergar er bestilt og på veg for å henta køyretøyet, seier operasjonsleiar Roger Litlatun.
Klokka 08.34: – Nødetatene rykker ut etter melding om bil som har køyrt i ei elv i Vågedalen. Ein person sit fastklemt i bilen, opplyser operasjonsleiar Kim Flakstad i Sør-Vest politidistrikt.
Klokka 08.42 melder politiet at dei er framme på staden.
– Bilen skal ha treft autovernet og deretter hamna i ei mindre elv. Det var berre ein person i bilen, og denne er tatt ut av bilen. Vedkommande framstår ikkje som alvorleg skada, men noko kald. Vegen er stengt på staden, seier operasjonsleiar Roger Litlatun.
Ulykka skjedde tett på krysset Vågedalen - Fv. 47. Samstundes pågjekk det berging av eit vogntog som hadde sklidd i grøfta på Gullvegen. Det er svært glatte vegar i området, melder Vestavind sin journalist på staden.
Saka blir oppdatert.