nyhende
Vogntog i grøfta på Gullvegen – vegen kan bli stengt ein periode
Klokka 07.36 melder Vegtrafikksentralen om eit trafikkuhell på Gullvegen, og at det er fare for stengt veg.
Eit vogntog har hamna i grøfta på Gullvegen eit stykke sør for krysset Vågedalen-Gullvegen retning Ekrene.
Det er svært glatte vegar i området melder Vestavind sin journalist på staden. Han har fått opplyst at bergingsbil er venta om lag klokka 08.30.
– Ifølge sjåføren var det så glatt på vegen at vogntoget hadde begynt å skli, seier journalist Jarl Vidar Meling.
Klokka 08.22 melder Meling at trafikken går tilnærma normalt på staden.
Annonse
– Bilane blir dirigert av sjåføren på vogntoget og ein tilfeldig bilist. Politiet er ikkje på staden, fortel han.
Saka blir oppdatert.