nyhende
– Denne budsjettsprekken kan me smila av
Sidan 1998 har Sveio kommune betalt ut 22,6 millionar kroner i verdibrev. Ordførar André Mundal Haukås meiner ordninga bidreg til at fleire unge etablerer seg i kommunen.
Kvar vår får avgangselevane i Sveio utdelt eit verdibrev frå kommunen. Brevet kan seinare løysast inn når dei etablerer seg med bustad i Sveio.
– Eg trur ordninga med verdibrev er ein måte å strekka ut ei hand til innbyggarane våre som skal etablera seg, og gje eit bidrag til at det skjer i Sveio. Tilbakemeldingane eg får frå dei som har fått verdibrev, er at dei er utruleg takksame for at kommunen bidreg på den måten, seier ordføraren.
Starta i 1998
Før sommaren delte han ut 82 verdibrev til årets 10. klassingar. Sidan ordninga starta i 1998, er det utferda 2.921 verdibrev. 891 av desse er løyste inn.
– Det er konkurranse mellom kommunane om å få tak i folk som er i etableringsfasen. Me ønsker sjølvsagt alle tilbake. Dette er eit tilbod me har hatt i mange år, og mange har hatt nytte av det i ulike periodar av livet, seier Haukås.
Verdibrevet som blei delt ut i år, hadde ein verdi på 34.200 kroner. Beløpet blir indeksregulert kvart år.
Ifølge tala Vestavind har fått, er det totalt utbetalt 22,6 millionar kroner gjennom ordninga. Summen omfattar også personar som var omfatta av ordninga utan å få verdibrev.
Budsjettsprekk
– Det er verdt for folk å sjekka om dei har eit verdibrev liggande. Me ser stadig at nokon kjøper bustad, og så kjem på at dei har gløymt å løysa det inn. Me håper folk tek vare på breva.
Før sommaren la rådmann Jostein Førre fram tal som viste at kommunen hittil i år hadde brukt over 600.000 kroner meir enn budsjettert på ordninga. Akkurat den budsjettsprekken meiner Haukås er positiv.
– Det er vanskeleg å budsjettera når me ikkje veit kor mange som kjem til å løysa inn verdibreva til kvar tid. Men slike overskridingar kan me heller smila av, seier Haukås.