nyhende

Selma Sponevik Nesse og Andre Danielsen utanfor eit mørkt trehus med garasje.
– Ikkje nøl, bygg hus nå! Dette er oppmodinga frå sambuarparet Selma Sponevik Nesse og Andre Danielsen til andre unge.

Ungt par vil bu i Sveio

Med kort avstand til familie og venner, til jobb, butikk og skule, har Selma Sponevik Nesse og Andre Danielsen flytta inn i nytt hus med utsyn over Viksefjorden.

Publisert Sist oppdatert

Dei hadde knapt fylt 20 år i august i fjor då dei skreiv under kontrakten for den nye bustaden sin. I juni i år kunne dei flytta inn i eit flunkande nytt hus i det nye bustadfeltet like ved Vikse skule.

Selma Sponevik Nesse og Andre Danielsen tar imot oss i den nye bustaden, som er smakfullt innreia i duse fargar. Det går i gråbrunt, beige og grønt på nymåla vegger og nyinnkjøpte møblar.

Frå hovudinngangen fører ein korridor inn til hjarta i huset; eit stort, ope rom med kjøkkenavdeling og spisebordet til høgre og sofakroken til venstre. Frå hjørnesofaen har ein utsyn til ein stor TV-skjerm med tilhøyrande lydanlegg. Snur ein seg andre vegen, møter blikket ei utgangsdør som fører ut til terrassen.

Framfor tre-terrassen ligg eit uferdig planert areal, som ifølgje Andre skal bli til plen i komande vekstsesong. Han har også planar om å setja opp ein mur i framkant av plenen.

Kjem frå kvar sin gard

Både Selma og Andre er oppvaksne på gard. Ho kjem frå Nesse, medan han kjem frå Vikse, berre nokre få hundre meter frå den nye bustaden.

Dei budde kvar for seg heime hjå sine respektive foreldre, før dei i sommar flytta inn i det nye huset. 

Mørk tomannsbustad med blått tak på eit nytt bustadfelt ved Vikse skule.
To slike tomannsbustader er reist for dei unge på det nye bustadfeltet ved Vikse skule.

– Var de aldri i tvil om kvar de ville bu då de skulle flytta saman?

– Eg har alltid visst at eg kom til å bli buande i Sveio. Me har begge familie og venner som bur i nærleiken, seier Selma.

Andre legg til at det er kort veg til daglegvarebutikkar, berre om lag ti minutts køyring, anten ein vil gjera innkjøp i Sveio sentrum eller på Kvala i Haugesund.

Dersom det unge paret i framtida skulle få barn, er det i alle høve kort veg til Vikse skule, medan barnehage finn dei på Ekrene.

Faste jobbar i Tysvær

Dei to jamaldringane står elles nokså likt når det gjeld utdanning og jobb. Begge tok fagbrev og fekk fast jobb samtidig.

På baksida av det nye huset står det to bilar. Sjølv om begge har arbeidsplassen sin i Tysvær, køyrer dei heimanfrå til kvar sine tider og ofte i ulike retningar.

Sideinngang med kvitt fryseskap, garderobeskap, spegel og sko på tregolvet.
Ei bod ved hovudinngangen er gjort om til sideinngang med garderobe og plass for fryseskapet.

Selma sin arbeidsplass er hos nettbutikken Wee på Frakkagjerd. Her er Selma logistikkoperatør og arbeider på lageret. Verksemda sel ymse anleggs- og landbruksutstyr via internett og postordre. 

– Det går mykje i beitepussarar og vedmaskinar. Nå før vinteren er det mange som vil ha snøfresar, seier Selma.

Ho hadde også læretida i same bedrifta der ho nå er fast tilsett. Den vidaregåande opplæringa fekk ho ved Haugaland vidaregåande skule i Haugesund, der ho andre året gjekk på linja for transport og logistikk.

Sambuar Andre gjekk læretida hos Haugsland i Aksdal. Dette er ei verksemd som tilbyr service, vedlikehald og reparasjon av anleggsmaskinar. Andre fortel at han ofte reiser direkte heimanfrå og ut til kundane, som er spreidde over det meste av Haugalandet, Ryfylke eller Sunnhordland. I blant kan det jamvel bli oppdrag på Austlandet.

Før han fekk læreplass hos Haugsland, og deretter fagbrev og fast jobb på same arbeidsplassen, gjekk Andre eitt år på Haugaland vidaregåande. Det andre året med vidaregåande opplæring tok han på Os, på ei linje for anleggsmaskinmekanikarar.

Unge inn i bustadmarknaden

Det er eit ungt bumiljø i dette nye bustadfeltet på Vikse. Selma og Andre bur i den eine av to tomannsbustader, som er nokså likt utforma og ligg tett ved kvarandre. I kvar tomannsbustad er det to bueiningar. I dei to bustadene er det dermed plass til fire familiar.

– Ingen av dei som bur i desse fire bueiningane, er over 30 år gamle, seier Selma og Andre.

– Me prøver å hjelpa dei unge inn på bustadmarknaden, seier Per Kåre Kallevåg.

Han er dagleg leiar i byggjefirmaet Bømlo Hus, som har stått for bygginga av dei fire bueiningane.

Kallevåg fortel at dei i løpet av dei siste ti åra har bygd mange slike tomannsbustader, både på Bømlo, i Sveio og andre stader. Liknande bustader er mellom anna reiste nær soknehuset i Sveio og på Ekrene.

– Dette er bustader med ei grunnflate på 76 kvadratmeter og eit samla bruksareal på 113 kvadratmeter. Me tilbyr desse bustadene med ei ferdig innreia loftsetasje, seier Kallevåg.

Lån i Husbanken

– Eit viktig pluss for førstegongskjøparar av slike bustader er at dei kan få finansiering gjennom Husbanken. Det tyder i praksis at bustadeigaren kan låna inntil 90 prosent av kjøpesummen gjennom Husbanken. Renta blir dermed om lag 0,7 prosentpoeng lågare enn i vanleg bank, seier Kallevåg.

Lys salong med hjørnesofa og rundt bord, med utsyn til terrasse og natur gjennom glasdører.
Frå salongen er det utsyn til terrassen og naturen utanfor.

– Kva krav må bustaden eller låntakaren oppfylla for at Husbanken skal innvilga lån?

– Det viktigaste kravet er at bustaden er universelt utforma. Det vil i praksis seia at hovudetasjen skal innehalda dei romma som trengst til kvardags, som stove, kjøkken, bad og soverom. Men i tillegg kan bustaden ha trapp opp til loftet, der ein også kan innreia soverom og bad, seier Kallevåg.

Han legg til at Bømlo Hus har god dialog med Husbanken og prøver i det lengste å tilpassa nye bustader til Husbanken sine krav.

– Men Husbanken har ei stor utfordring: Dei går som oftast tom for lånemidlar når året nærmar seg slutten. Dette gjer at ein må planleggja godt og søkja tidleg på året, seier dagleg leiar i Bømlo Hus.

Han fortel vidare at søknad om lån i Husbanken er noko dei hjelper kundane med. 

Svart vedomn med stålrøyrpipe i ei moderne stove med TV og høgtalarar.
Bustaden er utstyrt med vedomn, som er tilkopla ei isolert stålrøyrpipe.

– Me fyller ut alle skjema, slik at dei unge låntakarane berre treng å setja namnet sitt under søknaden.

Låge fyringsutgifter

Ifølgje Kallevåg i Bømlo Hus gir desse tomannsbustadene mykje hus for pengane. Utvendig har bustadane Royal-impregnert kledning og aluminiumsbelagde vindu, som tyder lite vedlikehald. 

– Ytterveggene er isolerte med 20 centimeter tjukk isolasjon. I golv og tak er isolasjonsmattene enda tjukkare, opplyser Kallevåg.

Han legg til at utgiftene til oppvarming dermed blir minimale. Innelufta blir styrt gjennom eit balansert ventilasjonssystem.

Andre Danielsen fortel at den siste månadsrekninga frå energiselskapet lydde på om lag 500 kroner.

– Men me reknar med at fyringsutgiftene vil bli litt høgare til vinteren.

Inne i stova har det unge paret fått installert ei varmepumpe øvst på veggen. I tillegg har dei vedomn, som er kopla til ei isolert stålrøyrpipe.

– Eg har god tilgang på fyringsved heime på garden, seier Andre.

Eige hus og eigen økonomi

Økonomisk er det eit stort løft for eit ungt par å kjøpa eit nytt hus. Då Selma og Andre skreiv kontrakt for den nye heimen sin, var prislappen rundt 3,4 millionar kroner. Denne summen blei finansiert med 90 prosent lån i Husbanken.

Først var planen til dei unge sambuarane at dei skulle innreia loftsetasjen sjølve.

– Men det viste seg at kostnadene ikkje ville bli særleg høgare om me kjøpte huset med ferdig innreia loft. Då hadde me alt skrive kontrakt med Bømlo Hus og Husbanken om kjøp av huset utan innreiing av loftet. Me laut difor ta opp eit ekstra lån i vanleg bank for å finansiera loftet.

To personar står på ein terrasse framfor ei open dør til stova.
På framsida av huset er det dør frå stova ut til terrassen.

Til eigenkapitaldelen kom det godt med at dei begge hadde verdibrev frå Sveio kommune i lomma. Dette fekk dei tildelt då dei gjekk ut av 10. klasse.

Kvart verdibrev var verdt om lag 34.000 kroner då verdibreva blei innløyste ved kjøp av eigen bustad

Den månadlege bu-utgiftene til Selma og Andre kjem på om lag 21.000 kroner. Dei to er samde om at det går fint rundt økonomisk når dei begge er i full jobb.

– Ikkje vent – bygg eige hus!

Det unge paret viser oss rundt i loftsetasjen. Ei vindeltrapp i tre fører frå korridoren i første høgda og opp til loftet. Her er det innreia og møblert ei loftstove. Ved sida av er eit rom, som med tida skal bli til eit ekstra soverom. Badet i andre høgda er også ferdig og smakfullt innreia.

Lys loftstove med sofa, salongbord, to stolar og vindauge under skråtak.
Eit rom i andre høgda er blitt til loftstove.

I første høgda har dei sitt eige soverom og eit eige rom for vaskemaskin.

Sjølv om mange av løysingane, rominndelinga og utstyret var planlagt og fastlagt frå Bømlo Hus si side, fekk Selma og Andre også høve til å gjera eigne val. Ved sida av hovudinngangen var det teikna inn ei bod. Dette rommet fekk dei laga om til ein ekstra inngang, ein side-inngang, som dei brukar sjølve. Innanfor denne inngangsdøra er det eit stort garderobeskap, skohylle og plass til fryseskap.

Dermed kunne dei ha eit stort kjøleskap utan frysedel på kjøkkenet. Alle kvitevarene på kjøkkenet kjøpte dei inn og monterte sjølve.

– Kva råd har de til andre unge som vil etablera seg?

– Ikkje stuss på å byggja ditt eige hus. Det er veldig godt å koma inn i sitt eige.

Viksefjorden bustadfelt

Det nye bustadfeltet inneheld 18 byggjemodna tomter med plass til i alt 20 bustader. I tillegg til dei to tomannsbustadene, er det regulert plass til 18 einebustader.

Det er Hilde og Roald Urnes som står bak byggjemodninga av feltet gjennom tomteselskapet Viksefjorden AS.

Ifølgje Roald Urnes er det nå åtte ledige tomter. Heile feltet er likevel gjort klart, med veg, vatn, straum, fiber og kloakk framført til alle tomtene. Alle tomtene har dessutan fått si eiga adresse med husnummer.

Ein kvit lama står bak eit nettinggjerde ved skogkanten.
Frå stoveglasa har sambuarane utsyn til ein lama som beitar på andre sida av gjerdet.

Urnes fortel at då fotgjengar-tunnelen under Fv. 47 ved Ekrene blei bygd, blei det steinmassar til overs. Tomteselskapet gjorde avtale med vegentreprenøren om å transportera massane til bustadfeltet og kunne deretter nytta dei til grovplanering av tomtene.

– Berre tre tomter står nå att å planera, seier Urnes.

Han legg til at midt i feltet er det laga til ein stor leikeplass, som kan fungera som ein samlingsplass og eit hjarte i bustadfeltet.

Powered by Labrador CMS