nyhende
Det er mykje som skjer første helga i advent
Førjulstida startar definitivt kommande helg. Her finn du tips til kva du kan vera med på den første helga i advent.
Fredag
Førde Bygdalag er først ut med tradisjonsrik julegrantenning i Førde. Der blir det tale, fakkeltog, korpsmusikk og stort julelotteri for å nemna noko.
Laurdag
Sveio Sportsdrillklubb er først ut på føremiddagen med juleshow og julelotteri på Vigdarturn. Det blir sjølvsagt drillshow, og nissen kjem.
Litt seinare på dagen er det to arrangement omtrent samtidig, men med litt planlegginga kan du rekka begge to.
På Oa ungdomshus er det julemarknad med lotteri. Her lovar dei eit rikt utval av ting du kan kjøpa, og det er mogeleg å få seg både ein varm matbit og kaker.
Sveio skulekorps inviterer til julegrantenning på Sveiotorget. Men før grana blir tent utpå ettermiddagen er det mykje som skjer. Salsboder, juleverkstad, besøk av Bjørnis, korpsmusikk og nissebesøk.
Søndag
Søndag arrangeres det Julebingo på Lid. Der opplyser Lid Grendalag at bingoen er fullbooka, men ein kan eventuelt kontakta arrangør for å spørra om det er ledig plass. Dei byr på sal av julegraut og anna godt.
Søndag ettermiddag er det julegrantenning og julegraut på Filadelfia i Auklandshamn. Arrangementet er eit samarbeid med Auklandshamn Idrettslag, Pinsekyrkja Filadelfia, Auklandshamn Bygdalag og korpset.
Søndag kveld har kyrkja kveldsgudstenester med lysmesse både i Førde og Sveio kyrkje.
Meir info om dei aller fleste arrangementa finn du under «Kva skjer i Sveio» på nettavisa, eller tid og stad i papiravisa.
Etter kalde og solrike dagar går Sveio og Vestlandet inn i ei våtare helg med stigande temperaturar.