nyhende

Arne Tveit Katla framfor inngangen til Sveio skule.
Tillitsvald i Utdanningsforbundet, Arne Tveit Katla, reagerer på at dei tilsette ved Sveio skule ikkje får tilbod om årets influensavaksine.

– For meg er det uforståeleg

Tilsette ved skulane i Sveio får ikkje lenger tilbod om influensavaksine gjennom kommunen. Arne Tveit Katla i Utdanningsforbundet fryktar fleire sjuke og meir fråvær.

Publisert

– Eg vil seia at det nesten er uforståeleg. Det er vanskeleg å sjå kvifor me ikkje skal få tilbodet, seier Katla, tillitsvald i Utdanningsforbundet ved Sveio skule.

Ifølgje Katla har dei tilsette fått tilbod om influensavaksine sidan koronapandemien. I år skal tilbodet, etter det han kjenner til, vera avgrensa til helsepersonell. Det meiner Katla er heilt håplaust.

Auka sjukefråvær

– Me er i kontakt med svært mange menneske, både barn og foreldre. Difor har me følt at det var heilt på sin plass at også me fekk vaksinen, forklarar han.

Katla opplever at sjukefråværet alt har begynt å stiga, og at bruken av vikarar har auka. Det er også fleire problem med å få dekt undervisningstimar.

– Det er allereie trykk på fråværet. Då kan ein berre sjå føre seg korleis det blir når influensatoppen kjem. Dette er ein stor arbeidsplass, og me går tett opp i kvarandre. Eg likar ikkje denne avgjerda, seier Katla.

Sveio skule med parkerte bilar, gangfelt og låg vintersol over bygda.
Sveio skule er den største skulen i kommunen. Katla fryktar at manglande vaksine vil gje auka smitte.

Utan vaksinen fryktar han både meir fråvær og at tilsette møter på jobb sjølv om dei burde ha halde seg heime.

– Eg gjekk sjølv på jobb i førre veke, sjølv om den beste plassen for meg eigentleg hadde vore heime under dyna. Det vil nok vera fleire som gjer det same, seier han.

Katla seier han ikkje kjenner den formelle grunngjevinga for endringa, men meiner det er vanskeleg å finna andre forklaringar enn økonomi.

Sterke reaksjonar

– Eg tenkjer at det må vera økonomien som ligg bak. Eg kan ikkje sjå at influensa har blitt mindre farleg på eitt år, seier han.

Reaksjonane blant medlemmene skal vera sterke.

– Dei er frustrerte og føler seg ikkje godt nok ivaretekne, seier Katla.

Rådmann Jostein Førre forklarar at dei held seg til nasjonale tilrådingar når dei vurderer kven som skal vaksinerast.

Portrett av rådmann Joostein Førre framfor ein trevegg med to lamper.
Rådmann Jostein Førre seier kommunen følgjer nasjonale tilrådingar.

–Vaksinasjonsprogrammet er avgrensa til definerte risikogrupper på nasjonalt nivå. Sveio kommune følgjer opp dette ved at helsepersonell med nær pasientkontakt og som gjev behandling eller pleie, får tilbod om influensavaksinering, skriv Førre i ein e-post.

Powered by Labrador CMS