nyhende
Gåvedryss til frivilligheita i Sveio
Fleire lag og foreiningar i Sveio fekk økonomisk støtte då Sparebanken Norge opna lommeboka. For jentelaget til Gaute Vihovde Haug handlar gåvemidlane om langt meir enn fotball.
– Slik me ser det, er det sosiale det viktigaste for å klara å halda på jentene, fortel Vihovde Haug frå Sveio IL.
Pengane skal brukast til å styrkja lagkjensla og dei sosiale relasjonane mellom spelarane. Målet er både å hindra fråfall og å rekruttera nye jenter til fotballen.
Har mista jentelag
Vihovde Haug fortel at jentefotballen i Sveio har hatt sine utfordringar. Eit eldre jentelag er allereie blitt oppløyst, og det har vore utfordrande både å skaffa trenarar og halda på spelarane. Difor har klubben lagt større vekt på det sosiale miljøet rundt laget.
– Me har slite litt med jentefotballen i Sveio. Nokre reiser til byen, og det er vanskeleg med trenarar og tilbodet. Me har byrja å ha meir fokus på sosiale arrangement og samhald, fortel Vihovde Haug.
Jentelaget han trenar, fekk 20.000 kroner i støtte denne kvelden. Laget har no 17 spelarar. Fem av jentene har kome til i løpet av det siste året.
Millionar til Haugalandet
Det var banksjef for privatmarknaden i Haugesund, Nina Hopsdal, som var i det gavmilde hjørnet denne kvelden. Ein etter ein vart klubbar og organisasjonar kalla opp på scenen for å ta imot gåvesjekkane. Hopsdal fortel at det er særleg kjekt å kunna støtta det lokale organisasjonslivet.
– Dette er jo noko av det kjekkaste me gjer. Me har mange kundar i Sveio, og veldig mange lag og organisasjonar er flinke til å søkja hos oss. Det set me pris på, seier ho.
Sparebanken Norge deler i 2026 ut i overkant av 10 millionar kroner på Haugalandet. 380.000 kroner gjekk til lag og foreiningar i Sveio.
Hopsdal viser til banken si lange historie i Sveio.
– I Sveio har banken vår vore i 150 år. Så det er veldig mykje historie her.
Banksjefen trekkjer også fram breidda i organisasjonslivet i ein langstrekt kommune som Sveio.
Små og store prosjekt
Ho understrekar at det ikkje er nødvendig å ha store og kostbare prosjekt for å kunna søkja om støtte.
– Mange trur at dei må ha eit stort prosjekt for å søkja. Men her var det veldig variert, seier ho.
I ei tid der både lag, organisasjonar og kommunar opplever økonomiske utfordringar, meiner banksjefen at denne typen støtte kan ha stor betydning.
– Eg trur det er kjempeviktig, seier ho.
Blant dei som fekk støtte, var Sveio dartklubb. Dei fekk 20.000 kroner i støtte til å etablera eit betre barne- og ungdomstilbod.
Målet er å gje barn og unge eit gratis lågterskeltilbod på fritida. Klubben har så langt mangla nødvendig utstyr for å kunna leggja til rette for dei yngste.
– Me har ikkje hatt utstyr til å leggja opp til spel for unge, seier Leiv Magne Haukås.