nyhende
Har gjort funn av død person
Det er funne ein død person i området ved Krossleite der det sidan torsdag ettermiddag har blitt leita etter den sakna Herman Klyve (72). Politiet er ganske sikre på at det er den sakna som er funne.
– Personen er ikke identifisert, men det er ingen andre som er sakna i området, melde operasjonsleiar Rune Tallaksen ved Sør-Vest politidistrikt i 14.00-tida laurdag.
Det blei då arbeidd med å varsla dei pårørande. Klokka 16.40 melder operasjonssentralen at pårørande er varsla.
Funne i ulent terreng
– Den omkomne blei funne i ein bekk i ulent terreng. Funnet blei gjort av ein privatperson med drone som varsla politiet, opplyser operasjonsleiar Thomas Nordvik.
Den omkomne er henta ut og blir sendt til obduksjon. Politiet er ganske sikre på at det er den sakna som er funne sør for byggefeltet på Krossleite.
– Det er ikkje grunn til å tru at det er noko annan enn han som har vore sakna. Me saknar jo ingen andre i området her. Men sikker identifikasjon vil ikkje bli gjort før obduksjonen er ferdig. Men vi er altså relativt trygge på at det er sakna me har funne, då ut fra beskriving og ID-kort på mannen, seier innsatsleiar Tore Frøyland-Jensen til Haugesunds Avis.
Leiteaksjon på tredje dagen
Laurdag var rundt 30 personar med i leiteaksjonen som har pågått sidan torsdag ettermiddag. Deriblant frivillige frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp frå fleire kommunar, samt Norske Redningshundar i tillegg til politiet sine ressursar som også talde fleire politihundar.
Dagen starta klokka 08.00 med å rigga kommandoplassen, og mannskapa var ute i søk frå klokka 08.30. Laurdag var det mildare vêr og mindre vind, men like utfordrande terreng å søka i. Håpet var likevel å finna den sakna Herman Klyve (72) i løpet av dagen.
Sette inn ekstra drone
Ein av tinga som blei bestemt fredag kveld etter at det ikkje var gjort funn, var å venta med båt og ROV (Remotely Operated Vehicle – fjernstyrt undervassfarkost) og auka dronekapasieteten i staden.
– Me har utvida søkeområdet rundt Krossleite sidan det ikkje blei gjort noko funn fredag. Me brukar både mannskap på bakken og hundeekvipasjar, og me har droner i lufta som har ganske stor kapasitet på søk, sa innsatsleiar Tore-Frøyland Jensen til Vestavind tidlegare i dag.
Då var søket frå lufta utvida med ei politidrone frå Stavanger. Dronane til politiet er noko annleis enn dei frivillige sine.
– Dei er både større, har betre kapasitet og betre kamera. Dei er ikkje for vatn spesielt, men når dei er i lufta er det ganske god sikt ned i vatnet. Me har dessutan god erfaring med å gjera funn ganske langt ned i vatn med desse dronene, sa Frøyland-Jensen.