nyhende

Kontoret til Vestavind ligg i Sveiogata 72. Inngang er i 2. etasje på baksida.

Logg deg inn på nettavisa før tre papir­avisfrie veker

I sommar blir Vestavind-kontoret heilt stengt berre ei veke, men det blir tre papiravisfrie veker. Difor er det lurt å logga seg inn på nettavisa før ferien startar. Og har du papiravis, har du tilgang til nettavisa.

Publisert

Siste papiravis før ferien kjem 9. juli. Første papiravis etter ferien kjem 6. august. Fristar for helsingar og anna til desse avisene er som vanleg klokka 12.00 tysdagen før.

Men me leverer saker på nettavisa gjennom heile sommaren. Etter ei veke heilt sommerstengt Vestavind-kontor, er Jarl Vidar på plass igjen frå 20. juli.

Har du papiravis, har du tilgang til nettavisa

Alle som har papiravis har også tilgang til nettavis og e-avis i abonnementet. Er du usikker på korleis du skal logga inn, kan du lesa den opne nettartikkelen «Her finn du oppskrift på korleis du loggar deg inn» eller finna den sjølv på nettavisa, vestavind.no. 


Fram til 10. juli kan du også stikka innom kontoret i Sveigata 72 (inngang i 2. etasje på baksida) eller ringa 53 74 01 80 (08.00-15.30 måndag-fredag) for å hjelp til innlogging. Eller du kan senda ein e-post til post@vestavind.no.

Må du logga inn heile tida?

Merk at Facebook ikkje vil hugsa innlogginga di. For best mogleg oppleving anbefaler me å bruke vanleg nettlesar. Du kan også opna saka i Facebook og velja å opna den i ekstern nettlesar. På iPhone trykker du på lenka, deretter på dei tre prikkane øverst til høgre (...) og vel «Åpne i ekstern nettleser». Då kjem du i nettlesaren på din mobil nettbrett eller PC som vil halda deg innlogga.

Me ønsker alle lesarane våre ein riktig god sommar!

Helsing Ellen Marie, Jarl Vidar og Susanne

Powered by Labrador CMS