nyhende
Ny adresse for nettavisa
Vestavind har endeleg blitt eigar av domenet vestavind.no. For deg som lesar betyr det at du må logga inn på nettavisa på nytt.
Har du problem med å logga inn på nettavisa? Då skuldast det truleg domeneskiftet. Logg inn på nytt, men bruk vestavind.no i staden for vestavind-sveio.no.
Har du fortsatt problem med at du blir logga ut, må du sjå over innstillingane i nettlesaren din - kanskje brukar du "privat"-fane som ikkje hugsar passordet ditt. Er du rett innlogga skal du ikkje trenga å logga inn på nytt så lenge du er aktiv innanfor 14 dagar. Sjå oppskrift korleis du loggar inn her.
Endeleg ordna det seg
Me har lenge ønska oss domenet vestavind.no, men dei som har hatt det har ikkje vore villige til å selja. Selskapet som hadde det vart lagt ned for ei stund sidan, og me har vore i kontakt med dei og BKK i fleire rundar utan å få napp.
Etter ei viss stund utan å vera i bruk, blir domenet frigjeve. Styreleiar Bent Rune Sinnes, som har jobba med saka i fleire rundar sidan 2020, heiv seg rundt for kort tid sidan og melde Vestavind si interesse til Domeneshop. 13. mai kom stadfestinga på at vestavind.no no var registrert. Ei skikkeleg jubileumsgåve!
E-postane kjem etter kvart
Det er ganske mykje arbeid med å endra alt som må endrast ved eit domenskifte. Mellom anna fordi det gamle og nye domenet er registeret ulike stadar.
E-postane vil også etter kvart bli endra, men me har starta med det viktigaste: nettavisa.