nyhende

Fleire frå næringslivet i Sveio fekk telefon frå ordførar André Mundal Haukås då han deltok på ringedugnad i samband med årets TV-aksjon.

På pallen etter ringe­dugnaden: – Det blir litt intern konkurranse

Næringslivet i Sunnhordland opna lommebøkene under ringedugnaden for TV-aksjonen måndag. Ordførar André Mundal Haukås meiner både gjevargleda og konkurranseinstinktet er på plass.

Publisert

Ordførar André Mundal Haukås legg ikkje skjul på at det ligg eit vennskapleg konkurranseinstinkt i botnen når han tek telefon etter telefon for å samle inn pengar til årets TV-aksjon.

– No har eg ringt til mykje av næringslivet i Sveio. Me har eit veldig raust næringsliv, det må eg berre seie, fortel Mundal Haukås.

Samla inn 600.000 kroner

Førstkomande søndag går den årlege TV-aksjonen av stabelen. Denne veka tjuvstarta ordførarane og næringsråda i Sunnhordland innsamlinga då dei ringde rundt til det lokale næringslivet. Til saman vart det samla inn over 600.000 kroner i Sunnhordland denne dagen.

– Det er flotte bidrag, og kvar einaste krone hjelper. Det er alt frå 500 kroner og oppover, seier Haukås.

Årets TV-aksjon går til Flyktninghjelpen. Pengane som blir samla inn, skal brukast til telt og andre naudbustader, mellombelse og permanente heimar, vass- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp.

Førebels pallplass

I Sveio var det måndag ettermiddag samla inn i overkant av 60.000 kroner. Det gjev så langt 10,51 kroner i snitt per innbyggjar. Førebels er det pallplass blant sunnhordlandskommunane målt i kroner per innbyggjar.

– Det er kjekt å rope høgt ut i lokalet når det kjem gode bidrag, og det er ikkje heilt fritt for at det er ein liten intern konkurranse mellom ordførarane, seier Haukås.

Ordførarar og næringsråd frå Sunnhordland var samla for å ringja inn mest mogleg pengar til årets innsamlingsaksjon for Flyktninghjelpen.

Deltakarane kan følgje innsamlinga på ein storskjerm medan summen stig.

– Det er alltid kjekt å prate med innbyggjarane og næringslivet. Når me ser summen auke på skjermen, blir det ein veldig kjekk og gjevande dag.

Treng bøsseberarar

Mange har allereie meldt seg som bøsseberarar på søndag. Mundal Haukås håpar likevel at fleire nyttar høvet til å ta seg ein søndagstur med meining. Han fortel at det er rom for fleire bøsseberarar på alle oppmøtepunkta.

No håpar han at fleire melder seg på tvaksjonen.no før TV-aksjonen søndag.

– Me håpar at folk går inn og registrerer seg som bøsseberarar jo før, jo heller, slik at me har godt mannskap klart til søndagsturen.

Powered by Labrador CMS