nyhende

Planen for Slettene vindkraftverk omfattar 12-15 turbinar med ei høgd på opptil 220 meter. Anlegget er planlagt å stå i rundt 30 år, og utbygginga vil kosta rundt 1,5 milliardar kroner. Illustrasjon: Eviny

Set vindkraft-prosjekt på vent: – Dette er ikkje ei endeleg avslutning av prosjektet

Eviny har beslutta å setje planane for Slettene vindkraftverk på Måkafjellet i Skjold på vent. Prosjektet er ikkje lagt vekk for godt.

Publisert

Det opplyser selskapet i ei pressemelding onsdag.

Bakgrunnen er at det no ikkje ser ut til å vere grunnlag for det politiske fleirtalet som er nødvendig for å føre prosjektet vidare. Eviny understrekar at prosjektet ikkje er lagt bort, men sett på vent fordi dei politiske føresetnadene ikkje er til stades no.

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

Lokal vilje avgjerande

Det har lege to konkrete vindkraftsaker på bordet i Vindafjord. I tillegg til Eviny sitt initiativ har Norsk Hydro ASA planar om Haugaland Industrikraftverk på fjellområdet Bukkanibbo i Ølensvåg. Meldingane frå begge prosjekta har vore på høyring og er planlagde for politisk behandling i haust.

Nyleg opplyste kommunedirektør Halfdan Krohn Brekke at heile kommunestyret, ikkje berre formannskapet, skal bli involvert heile vegen i vindkraftsaka. 

Fleirtal for nei

Som Haugesunds Avis har omtala, tyder det meste på at det blir fleirtal for å stoppe begge prosjekta.

Avisa har gjort ei oppteljing som viser at 12 av 25 representantar frå Frp, Vindafjordlista, KrF, Ap og SV har forplikta seg til å stemme nei. I tillegg har Geir Berge (H) markert seg som vindkraftmotstandar. Det vil sikre fleirtal for nei-sida uavhengig av kor resten av Høgre og Sp landar.

– Me har stor respekt for dei signala som er komne frå dei politiske miljøa i Vindafjord. Når fleirtalet ikkje ønskjer å gå vidare med prosjektet no, meiner me det er rett å ta det til etterretning, seier kommunikasjonsansvarleg Rolf Sanne-Gundersen i Eviny i pressemeldinga.

Stort behov

Eviny understrekar at avgjerda ikkje handlar om manglande tru på prosjektet. Dei meiner framleis at Slettene er eit godt prosjekt som kunne bidrege med ny fornybar kraft til regionen. Samtidig erkjenner dei at lokal oppslutning og politisk vilje er heilt avgjerande for at prosjektet skal kunne realiserast.

Selskapet peikar på at behovet for meir kraft framleis er stort, både i Vindafjord og på Vestlandet.

– Mange lokalsamfunn og bedrifter etterspør meir tilgang på kraft. Det behovet forsvinn ikkje sjølv om Slettene blir sett på vent. Etter vårt syn vil diskusjonen om korleis vi skal sikre nok energi til framtidig verdiskaping, halde fram i lang tid framover, seier Sanne-Gundersen.

Ikkje endeleg avslutning

Selskapet takkar grunneigarar, innbyggjarar, kommunen og andre som har engasjert seg i saka. Sanne-Gundersen peikar på at Eviny har hatt ein god dialog med mange menneske i Vindafjord gjennom arbeidet med prosjektet. Selskapet set pris på alle innspel og samtalar, sjølv om prosjektet no blir sett på vent.

– Dette er ikkje ei endeleg avslutning av prosjektet. Me vel å setje det på vent fordi dei politiske føresetnadene ikkje er til stades no. Kva som skjer vidare, vil avhenge av framtidige rammevilkår og utviklinga i kommunen, avsluttar kommunikasjonssjefen.

Dette er andre gong Eviny set brems på planar om eit vindkraftverk i Skjold. Selskapet presenterte ideen første gong i 2024. Dei heldt folkemøte og orienterte formannskapet i Vindafjord. Som reaksjon blei Motvind Vindafjord stifta.

I desember 2024 trekte Eviny plansøknaden. I desember 2025 sende dei eit nytt planinitiativ. No set dei altså prosjektet på vent igjen.

Kan bli annleis prosess

Vindkraft er eit heitt tema fleire plassar i landet. Det kan få konsekvensar for framtidige vindkraftsaker i Vindafjord. Også dagens praksis for saksbehandling kan bli endra. 7.august presenterte statsminister Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland eit omfattande forslag frå Ap-regjeringa for å sikre raskare utbygging av kraft og straumnettet.

Powered by Labrador CMS