nyhende
Snart kan du søka ly her
Det er lett å navigera etter hammerslaga om ein ønsker å sjå nærare på grindabygget utanfor kommunehuset. No er arbeidet med å legga tak og skiferheller i gang.
Reisverket til grindabygget ved kommunehuset har vore på plass ei stund. Om to veker er truleg taket på plass.
– Det er jo veldig sosialt og kjekt. Du kjenner at du lever, seier Egil Lokna.
Saman med tre andre utgjer han arbeidslaget som dei neste dagane skal legga tak og skifer på kommunen sitt grindabygg utanfor kommunehuset.
Jobben vert gjord på dugnad av Lions Sveio.
Les også:
– Me gjer arbeidet, Lions får pengane. Deretter deler dei ut pengane til fleire gode lokale føremål. Kaffien held me sjølve, held Lokna fram.
I juni vart grindabygget olja. Om vêret held seg nokolunde, håpar dugnadsgjengen at taket er på plass i løpet av to veker. Sjølv er han pensjonert byggmeister.
I dugnadslaget har han fleire gardbrukarar.
– Me er ikkje her kvar dag, men folk er veldig flinke til å arbeida, seier Lokna, som ikkje er nemneverdig uroa for dei «ti tommeltottane».