nyhende
Sveio ligg på 170. plass av 357 kommunar
Seint søndag kveld viste oversikten at det hadde kome inn vel 251,3 millionar kroner til årets TV-aksjon. Sveio står for 289.622 kroner av dette.
Søndag kveld var det kome inn 58.000 kroner i kontantar på bøssene. Oppjuster med Vipps enda bøsseinnsamlinga på 109.931 kroner.
Som i mange andre kommunar var det mangel på bøsseberar i Sveio, men det blei etter kvart så mange som tok turen i det fine haustvêret at mykje av kommunen fekk besøk. Ekstra kjekt er det at mange unge bøsseberarar har vore i sving.
Per innbyggar er det førebels samla inn 50,23 kroner i Sveio. Det er 4,70 kroner over landsgjennomsnittet på 45,53 kroner.
Sveio ligg på 170. plass nasjonalt
Nasjonalt ligg Sveio på ein 170. plass av totalt 357 kommunar. I Vestland er Sveio på 32. plass av 43 kommunar. I Vestland fylke er det så langt samla inn 31,7 millionar kroner. Det gir eit snitt per innbyggar på 48,29 kroner per innbyggar og ein 5. plass av dei 16 fylkene i landet.
Tala vil endra seg nokon dei kommande vekene etter kvart som alle bidrag bli registrerte, og summen for Sveio vil stiga.
Fem siste år
Dei fire føregåande åra har det endeleg talet for Sveio passert 300.000 og opp mot 350.000 kroner. Bortsett frå rekordåret 2024 då pengane gjekk til Barnekreftforeningen. Det året bidrog sveibuane med med over 450.000 kroner.
2022: 309.989 kroner
2023: 352.312 kroner
2024: 452.992 kroner
2025: 335.337 kroner
2026: 289.622 kroner (førebels sum)