nyhende

Målgang etter 63,77 kilometer på syklane. Dei 10 siste i regnvêr.

Sykla inn vel 376 kroner per kilometer

Starten på sykkelturen var strålande med stort oppmøte ved skulen då turen starta. Vêret var betre enn meldt fram til dei ti siste kilometrane. Ei veke etter turen kan Ride for Hope-gjengen melda at dei hadde fått inn 21.099,67 kroner på Vipps-kontoen.

Publisert Sist oppdatert

Siste bedrift hadde ikkje betalt inn enno fredag ettermiddag, men har lova å bidra med 3.000 kroner, slik at totalsummen blir 24.099,67. Det gir vel 376 kroner per sykla kilometer. Ride for Hope er ein elevbedrift, og 10.000 kroner av det som har kome inn går til bedriften.

Overskotet på litt over 14.000 kroner gir Jaffar Alzobaidi, Birger André Lillås, Patrick Bjørge Grutle, Jonas Larsen Fornes, Thorbjørn Våge Rullestad og Kirstian Hovland Hindøy til Barnekreft­foreningen sitt arbeid.

Frå heiarop til tung avslutning

Mange stilte opp ved Sveio skule for å heia syklister og følgemotorsykkel avgarde klokka 09.00 fredag 12. mai. Til og med ordføraren var der med kjede og flagg.

– Det var var gøy, og fram til dei siste ti kilometerane gjekk turen greit. Då kom regnet, og det var mange tunge oppoverbakkar siste delen, seier Jaffar.


I Auklandshamn var det ein hovudpause, og der blei det sett ekstra stor pris på at mor til Birger møtte dei med kakao, bollar og cola. Ei skikkeleg opplading til resten av turen. Dei rasta like ved butikken i Auklandshamn, og før dei sykla vidare blei fleire av dei henta inn i butikken for både bilde og vippsing til prosjektet.

Gjennomførte på planlagt tid

Men sjølv om særleg siste delen var tung, klarte syklistane å gjennomføra på tida dei hadde planlagt. Dei kom gjennomvåte og slitne over mål ved Sveio skule 5 timar og 45 minutt etter at dei starta. Strava-kartet viser at løypa var 63,77 kilometer, og at dei sykla aktivt i 3 timar og 51 minutt.

– Var det nokre spesielle utfordringar på turen?

– Ja. Birger sykla frå oss heile tida, seier fem av dei og ler.

Det heng nok saman med at Birger både er best trent og har best sykkel av dei fire syklistane.

Ville ikkje bytta

– Me blei slitne etter kvart, men som gode sveibuar gir me oss ikkje før me har gjennomført. Kristian tilbaud seg fleire gonger å ta over, men det sa me nei til, fortel Jonas.

– Korleis var turen for følgemotorsykkelen?

– Roleg. Og så var det ekstremt kjekt å sjå at dei sykla, seier sjåfør Thorbjørn.

– For meg blei det litt tungt etter kvart fordi eg hadde sekken med alt mogeleg på ryggen. Så eg var klar til å bytta, men det ville dei jo ikkje, smiler Kristian.

Dei seks er takksame for alle bidrag, både via vipps og andre ting under vegs i prosjektet.

Les også:

Powered by Labrador CMS