nyhende

Planen for Slettene vindkraftverk omfattar 12-15 urbinar med ei høgd på opptil 220 meter. Anlegget er planlagt å stå i rundt 30 år, og utbygginga vil kosta rundt 1,5 milliardar kroner. Illustrasjon: Eviny

Tysvær seier nei til vindkraftprosjekt i Vindafjord

Tysvær kommune vil ikkje støtte Eviny sine planar om å etablere Slettene vindkraftverk på Måkafjellet i Skjold. Dersom Vindafjord kommune og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) går vidare med planane, har dei ei rekkje krav til konsekvensutgreiinga.

Publisert

Spørsmålet om kva høyringsfråsegn Tysvær kommune skal gi til meldinga med forslag til utgreiingsprogram for Slettene vindkraftverk, var oppe til behandling i formannskapet tysdag.

Vedtaket i formannskapet blei gjort med åtte mot éi stemme, og vil følgjeleg truleg også bli vedtatt av kommunestyret kommande tysdag.

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

Ber om å bli involvert

Formannskapet i Tysvær gjorde følgjande vedtak:

1. Tysvær kommune har gjennom kommuneplanen sin samfunnsdel vedtatt at det ikkje skal leggjast til rette for meir landbasert vindkraft i kommunen. Kommunestyret vil på bakgrunn av dette, og med tilvising til at planområdet ligg heilt opp til kommunegrensa vår, ikkje støtte etableringa av Slettene vindkraftverk. Det blir elles vist til dei potensielle konsekvensane tiltaket kan ha for innbyggjarar og interesser i Tysvær kommune.

2. Dersom Vindafjord kommune og NVE går vidare med prosessen, legg kommunestyret til grunn at forhold som berører Tysvær kommune, blir tilstrekkeleg utgreidde i planarbeidet, og har vidare følgjande merknader til forslag til utgreiingsprogram, jf. saksutgreiinga:

  • Folkehelse bør inngå som eit eige overordna utgreiingstema (helsekonsekvensutgreiing).

  • Konsekvensutgreiinga bør ha vurderingar av dei samla belastningane og korleis ulike påverknadsfaktorar kan verke saman og forsterke kvarandre.

  • Konsekvensutgreiinga bør omfatte ei utvida støyutgreiing og vurdering av påverknad innanfor eit utvida influensområde.

  • Konsekvensutgreiinga bør ha ei særskild vurdering av sårbare grupper i eit folkehelseperspektiv.

  • Konsekvensutgreiinga bør innehalde vurdering av helseverknader i anleggsfasen.

  • Konsekvensutgreiinga bør ha ei vurdering av konsekvensane for friluftslivet, spesielt for bruken av Hodnafjellet og Svebakken.

  • Konsekvensutgreiinga bør omfatte ei vurdering av tryggleik og iskast i eit folkehelseperspektiv.

  • Konsekvensutgreiinga bør tydeleggjere avgrensingane i kunnskapsgrunnlaget.

  • Konsekvensutgreiinga bør ha ei vurdering av risiko for syredannande bergartar og forureining.

  • Konsekvensutgreiinga bør belyse tiltaket sitt bidrag til framtidig krafttilgang og kva betydning dette kan ha for næringsutvikling, verdiskaping og omstilling.

  • Konsekvensutgreiinga bør innehalde verdivurdering og konsekvens for tapt eigedomsverdi.

  • Det bør dokumenterast korleis Tysvær kommune og innbyggjarar i Tysvær kommune skal involverast i planprosessen.

Vil påverka


Reidar Pedersen (Ap) la fram forslaget til punkt 1. Til Haugesunds Avis, som var først til å omtale saka, seier Pedersen at dei tek utgangspunkt i det som er sagt i samfunnsdelen av kommuneplanen, og ikkje ønskjer landbasert vindkraft i Tysvær.

– Vindkraftverket i Vindafjord ligg heilt på grensa til oss, og vil dermed påverke innbyggjarane i Tysvær.

I Tysvær er det to vindkraftverk. Gismarvik vindkraftverk har tre vindturbinar og ligg i Haugaland næringspark. Tysvær vindkraftverk har totalt elleve vindturbinar. Desse er fordelte med fire turbinar på Gudbrandsfjellet, fire turbinar på Årvikfjellet og tre turbinar på Litlafjellet.

Sveibuar reagerer på vindkraftplanane i nabokommunen:

Powered by Labrador CMS