nyhende

Bømlafjordtunellen Stord-sida
– Det blir kontinuerleg kolonnekøyring med leiebil gjennom tunnelen, fortel tunnelforvaltar Karoline Bakken Bråthen

Varslar kolonne gjennom Bømlafjord­tunnelen

Skal du gjennom Bømlafjordtunnelen dei neste dagane, må du rekna med litt ventetid.

Publisert Sist oppdatert

Statens vegvesen har varsla at det blir vegarbeid i tunnelen dei neste dagane. I samband med dette blir det manuell dirigering gjennom tunnelen.

– Det blir kontinuerleg kolonne­køyring med leiebil gjennom tunnelen, seier praktisk tunnelforvaltar i Statens vegvesen, Karoline Bakken Bråthen.

Karoline Bakken Bråthen er tunnelforvaltar i Statens vegvesen. Bømlafjordtunnelen er berre éin av tunnelane ho har ansvar for.

Ifølgje Bakken Bråthen er det rutinemessig vedlikehald på det elektriske anlegget i tunnelen som fører til kolonne­køyringa. Arbeidet går føre seg på nattestid mellom klokka 22.00 og klokka 05.30 tysdag, onsdag og torsdag.

– Me prøver å vera til minst mogleg bry, men her må trafikantane rekna med ventetid på opptil 40 minutt, seier Bakken Bråthen.

Powered by Labrador CMS