nyhende

Privat fyrverkeri skal bli forbode dersom Dyrebeskyttelsen får det som dei vil.

Vil stansa oppskyting av privat fyrverkeri i Sveio 

Dyrebeskyttelsen Norge Haugaland vil ha Sveio-politikarane med på arbeidet for å forby privat fyrverkeri.

Publisert

Organisasjonen ønskjer at kommunen skal arbeida for eit forbod. Grunngjevinga er frykta og stresset fyrverkeriet kan påføra kjæledyr, husdyr, fuglar og andre ville dyr.

– Me veit kor store belastingar fyrverkeri kan påføra dyr. For oss handlar dette om dyrevelferd og om å finna måtar å feira på som tek større omsyn til dei som ikkje forstår kva som skjer, uttalar leiar Elisabeth Ellingsen i ei pressemelding.

Fire kommunar

Forslaget i Sveio er del av eit felles initiativ retta mot fire kommunar på Haugalandet. Tilsvarande innbyggjarforslag er oppretta i Haugesund, Karmøy og Tysvær.

Initiativet kjem samtidig som pyroteknikar Birger Bjelland arbeider med planane om eit stort, felles nyttårsfyrverkeri i Sveio.

Målet er eit profesjonelt show på mellom 10 og 15 minutt. Kostnaden er anslått til mellom 100.000 og 150.000 kroner. 

Vil ha forbod mot privat fyrverkeri

Dyrebeskyttelsen Norge Haugaland har fremja innbyggjarforslag om å stansa privat fyrverkeri. Organisasjonen viser til frykt og stress for kjæledyr, husdyr og ville dyr.

Forslaget er del av eit felles initiativ i Sveio, Haugesund, Karmøy og Tysvær. Målet er ei feiring som tek meir omsyn til dyrevelferd.

Sveio kommune kan i dag avgrensa fyrverkeri i bestemte område, men ikkje innføra totalforbod. Stortinget har bede regjeringa vurdera høve til kommunale forbod i heile kommunen.

Samstundes blir det planlagt eit profesjonelt nyttårsshow i Sveio. Eit felles arrangement kan redusera privat oppskyting og gje ei tryggare feiring.

Oppsummeringa er generert av Labrador AI, men gjennomlesen av ein journalist.

Planen er at innbyggjarane skal samlast på trygg avstand, medan fyrverkeriet blir handtert av ein profesjonell aktør. Bjelland meiner eit slikt arrangement kan redusera behovet for privat oppskyting og gje ei tryggare feiring.

Kan ikkje forby

Etter dagens regelverk kan Sveio kommune innføra avgrensingar og forbodssoner i bestemte område, men kan ikkje forby oppskyting i heile kommunen. I juni vedtok likevel Stortinget å be regjeringa gje kommunane høve til å regulera eller forby privat fyrverkeri i heile kommunen.  

Regjeringa arbeider med å avklara om dette krev ei lovendring.

Innbyggjarforslaget frå Dyrebeskyttelsen rettar seg mot privat oppskyting. Organisasjonen skriv samstundes at den ønskjer alternativ som gjer det mogleg å feira nyttår utan at dyr blir skadelidande.

– Me ønskjer at folk skal kunna feira inngangen til eit nytt år, men meiner det bør vera mogleg å gjera dette utan at dyr må betala prisen. Tradisjonar kan endrast når me får større kunnskap om konsekvensane dei har, skriv Ellingsen.

Powered by Labrador CMS