Open kyrkje og opning av sommarutstilling med grafikar Åse Vikse
7. juli 2026 kl. 18:00, Valestrand Kulturkyrkje
Opning 7. juli kl. 18:00
Opningsdagen vert det musikalsk innslag ved pianist André Eide, helsing frå ordføraren i Sveio og intervju med utstillar Åse Vikse, samt visning av salsutstillinga – denne vil finnast i kyrkja under heile opningsperioden.
Inngang opningsdagen kr 200,- inkl. kaffi og noko godt å bita i.
Under heile opningsperioden, 7.-30. juli, vil det elles vera sal av kaffi, vaffel og saft.
flytande vending
I utstillinga flytande vending i Valestrand Kulturkyrkje utforskar grafikar Åse Vikse (f. 1981, Sveio) spenninga mellom det handfaste og det flytande. Med utgangspunkt i Ole Vangberg sin arkitektur, undersøkjer Vikse korleis grafikken – i likskap med vatnet – speglar sine omgjevnadar og om denne tolkinga også omfattar kulturkyrkja. Gjennom å nytta treemne funne i Sveio som trykkplater, vert sjølve materialet ein vitneberar for historie, gjensyn og stadkjensle.
Om kunstnaren
Åse Vikse er ein tverrfagleg grafikar frå Sveio, busett i Øystese. Ho harMA i Fine Art (Printmaking) frå Middlesex University, London, og BA (Hons) i Communication Design frå Gray’s School of Art, Aberdeen.