Oppstart av Aspirant- og Barnekoret i Sveio

3. september 2026. Aspirantane kl. 17:45 og barnekoret kl. 18.30, i Sveio kyrkje

Vi ønskje nye og gamle medlemmar velkomne til nytt semester for Aspirant- og Barnekoret i Sveio

Serine King Johannessen blir ny dirigent for barnekora. Serine har bachelorutdanning i song frå konservatoriet i Stavanger, og ho har tidlegare dirigert vaksenkor og leia korgrupper for barn. Som barn song ho i barnekoret her i Sveio, under leiing av Ingrid. Me ønskjer Serine velkomen som dirigent og har stor tru på at ho og Sigbjørn blir eit godt leiarteam for dei flotte og flinke borna i kora våre.

Første øvingsdag i haust blir torsdag 3. september.

Serine King Johannessen er ny dirigent for barnekora.

Sveio barnekor er for barn frå 1.-7. klasse frå heile kommunen. Barnekora øve i Sveio kyrkje om torsdagane.

  • Aspirantane (1.-2. klassingane) øve frå kl 17.45-18.25.

  • Barnekoret (3.-7. klassingane) øve frå kl 18.30-19.30.

Kom på korøving, få nye vener og ver med på å skape eit kjekt og trygt musikkmiljø. Kyrkjelydane i Sveio står for tilbodet.   

Ta kontakt med dirigent om du har spørsmål eller barnet ditt ønskje å bli med i eit av kora.

Vi ønskje at flest muleg skal få delta - så vi har derfor ein lav medlemskontingent på kr 250,00 per halvår.

Kontakt: Serine King Johannessen
Tlf. 90186212
E-post: serineking@gmail.com
Sveio kyrkjekontor: 53 74 84 20.
Nettstad: sveiokyrkja.no

Powered by Labrador CMS