Temakafe: Når livet endrar seg - kva støtte og moglegheiter finst? 

20. oktober 2026 kl. 18:00-20:00. Stad: Dagsenter, Sveio omsorgssenter

Møt representantar frå NAV og få informasjon, svar på spørsmål og høve til å snakke med andre i ei uformell og trygg ramme.

Kva skjer når sjukdom og behandling gjer det vanskeleg å vere i arbeid over tid? NAV fortel om oppfølging ved sjukefråvær, rettar i perioden du har sjukepengar, og vegen vidare dersom arbeidslivet ikkje er mogleg som før.

Du får òg informasjon om prosessen med å søkje arbeidsavklaringspengar (AAP), og høve til å stille generelle spørsmål.

Alle er hjarteleg velkomne. Arrangementet er gratis, og det blir enkel servering.

Ta kontakt med Marit Leanne Vos på telefon 903 62 208 dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon.

Powered by Labrador CMS