lesarbidrag

President i Sveio Lions, Egil Johan Lokna, var nøgd med dei nye bodene som gjengen i den frivillige organisasjonen har bygd. Dei blei tatt i bruk for første gong i slutten av november 2025.

Årsmelding frå Lions Club Sveio 25/26

Nok eit arbeidsår er over for klubben vår, og vi har hatt eit aktivt år med mange aktivitetar. 

Styret dette året har vore Egil Lokna (president), Geir Magne Lønning, Bjørn Midteide, Bernt Herland, Håkon Ferstad og Mathias Vikse.

Mange lurer nok på kva Lions er og kva vi står for. Lions er ein verdensomspennande frivillig serviceorganisasjon med kvinner og menn som ønsker å bruka noko av fritida si til å hjelpa andre.

Vi har eit medlemsmøte i månaden, eit styremøte i månaden og har representantar med på fire sonemøter. Vi er politisk og religiøst nøytrale, men har eit felles verdigrunnlag og felles mål. 

Lions samlar inn pengar og gir til andre, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi startar arbeidsåret på hausten med planlegging av årets aktivitetar.

Aktivitetar dette året:

Vertskapet for Damenes aften 2025 f.v.: Målfrid Nymark, Lillian Mjånes, Wenche Bjelland, ordførar André Mundal Haukås, Marianne Bårdsen Lønning og Anita Småbakk Torsteinsen.
  • Damenes aften.

  • Julemarkedtur til Egersund.

  • 750 timar brukt på dugnad i Sveio.

  • Bygging av fire boder for Sveio kommune.

  • Tulipanaksjonen.

  • Støtte til lysaggregater Ukraina.

  • Rydding i Salamanderparken vår og haust.

  • Pengestøtte til Sveio frivilligsentral sine ferieaktiviteter for barn og unge, og til håndballjenter 11 år venskapsturnering avslutning med sosialt samvær. 

  • Støtte til Lions førarhundskule og Kirkens Bymisjon avd. Sveio sin juleaksjon. 

  • Vårtur for store og små på Vikse i mai.

Arbeidsåret avslutta vi på rorbua til Mathias Vikse med god mat og drikke. 

Vi vil takka alle som har støtta Lions Club Sveio og hjelpt oss å støtta andre.

Alle er hjarteleg velkomne til å vera med i Lions Club Sveio. Vi er 17 medlemmer og trenger fleire.

Geir Magne Lønning

Powered by Labrador CMS