lesarbidrag

Bedehuset var fullsett då historia til Oa og Førde Songlag vart presentert.

Historia til Oa og Førde songlag

5. juni presenterte Ole Kalkvik historia til Oa Songlag og Førde Songlag gjennom eit grundig arbeid basert på møteprotokollar, lokale kjelder og historiske dokument. 

Dei frammøtte fekk mellom anna høyra om korleis songlaga vart etablerte, songarstemne som har vore arrangerte i Førde, sentrale personar i lagshistoria og glimt frå både krigs- og etterkrigstida.

Ein viktig del av presentasjonen var framvising av gamle historiske bilete, noko som skapte stort engasjement blant dei frammøtte. Bedehuset var fullt, og fleire bidrog med eigne minne og refleksjonar undervegs.

Det vart også halde kiosk med sal av kaffi, kaker og pølser, og det vart selt hefte med innhaldet frå presentasjonen. Inntektene frå arrangementet gjekk til arbeidet i Førde Bygdalag.

Johnny Lønning
På vegne av Førde Bygdalag

Powered by Labrador CMS