lesarbidrag

Lars Nyre gjev ein introduksjon til det høgaktuelle temaet KI og inviterer til diskusjon.

Kan me kontrollera kunstig intelligens?

Sveio Senioruniversitet ønsker velkommen til eit foredrag om kreftene som styrer utviklinga av kunstig intelligens-teknologi.

Kunstig intelligens (KI) blir ofte framstilt som ei ustoppeleg kraft som vil forandra samfunnet uansett kva vanlege menneske meiner og gjer. Men kva er eigentleg kunstig intelligens? Og kan menneska faktisk kontrollera den vidare utviklinga? Lars Nyre gjev ein introduksjon til temaet og inviterer til diskusjon kommande måndag.

 Lars Nyre er vossing og professor i medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Han gav ut ei lærebok om «Teknologi» på Universitetsforlaget i 2024, og foredraget er i stor grad basert på innsikter der i frå.

Anne K. Grutle
Sveio Senioruniversitet

Powered by Labrador CMS