lesarbidrag
Mange heidersteikn delt ut på Sveio O-lag sin årsfest
Både dei aller yngste og veteranane blei heidra under Sveio O-lag sin årsfest i Førde samfunnshus. Den eldste og den yngste plakettvinnaren imponerte dei 50 frammøtte stort.
Eva Lokna blei tildelt plakett etter å ha oppnådd gullmerke i turorientering gjennom 30 sesongar på rad. Hannah Lanea Koser, ho er berre åtte år, men har likevel gått til gullmerke gjennom fem sesongar. Ho blei heidra med bronseplakett.
Plakettar
Gullplaketten gjekk til Aud Eriksen, Ingvar Nymark, Ingeborg Askeland og Sveinung Askeland. Alle desse fire har oppnådd gullmerke gjennom 15 sesongar.
Astrid Sandvik, Elisabeth Hauge Bakke og Hildegunn Kalleland vann sølvplaketten etter 10 sesongar med oppnådd gullmerke, medan Linda Beate Peters kunne ta imot bronseplaketten etter fem sesongar med gullmerke.
Åtte har besøkt alle postane
Åtte av årets nær 200 deltakarar i Sveio O-lag si turorientering greidde å besøkja alle dei 124 postane.
Blant desse vann Hildegunn Kalleland ein ekstrapremie etter loddtrekking. Premien som blei trekt ut blant alle årets deltakarar, blei vunnen av Bodil Melkevik, medan Oddvar Svendsbø vann premien som blei trekt ut blant dei som besøkte dei 14 sommarpostane. Premien blant deltakarane i High Five-løypene blei vunnen av Kari Thuseth.
Vel 8.000 besøk
Av årskavalkaden, som blei presentert gjennom tekst og foto under årsfesten, gjekk det fram at årets tur-o-postar til saman har hatt vel 8.000 besøk gjennom sesongen.
Før maktøkt, merke- og plakettutdeling underheldt Jimmy Næs frå Etne med visesong og opplesing av tekstar skrivne av Ingvar Moe. Årsfesten blei avslutta med basar.
Thomas Førde