lesarbidrag

Mange prøvde fiskelykka.

Mange kom for å vera med på Fiskesommar i Holsvika

Søndag 7. juni 2026 arrangerte Sveio Jakt-, Fiske- og Naturvernforening (SJFNF) nok ein gong suksessarrangementet Fiskesommar i Holsvika på Tittelsnes. 

I år var me litt heldigare med vêret, då det var opplett med litt sol og nesten vindstille. Det møtte opp ca. 150 store og små til ein aktivitetsdag på dette flotte friluftsområdet nede ved sjøen heilt ytterst i Ålfjorden. Nokre av dei frammøtte prøvde fiskelukka, mens andre fanga krabbar eller hjelpte sine barn eller barnebarn. 

Det blei servert gratis pølser, brus og kaffi, noko som det blei stor avsetting på. Alle barn og vaksne fekk gratis NJFF-caps. Mange barn og vaksne fekk seg ein padletur i foreininga sine sit-on-top kajakkar og kanoane som me hadde fått låna av Valestrand idrettslag. 

Maling av fiskesluk

Barna kunne mala sin eigen fiskesluk med neglelakk, noko som var ein populær aktivitet. Ungane storkoste seg med fisking, slukmaling, kanopadling og krabbefangst, og me fekk mykje positive tilbakemeldingar frå dei som møtte opp. 

Det var nokre tøffingar som var uti å og bada, sjølv om det ikkje er så varmt i sjøen. Det meldte seg inn seks personar inn i foreininga, og dei fekk fiskestong i vervepremie. 

Premiar for fangst

Mot slutten av arrangementet ble alt av fangst både talt opp og vegd etter beste evne. Under premieutdelinga blei det som vanleg delt ut mange fine premiar til stolte fiskarar og krabbefangarar. Dei som støtta oss med gåver denne gongen var Egon, Vikse Paintball, Swire Energy/Helifuel, Salar Sportsfiskeport, Haukås Bilverkstad, Haukås Dekk og Fritid, Eventyrlig Bok Leker og Interiør, Kiwi Sveio, Coop Extra Sveio, Apotek Sveio, Baardsen og Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Tusen takk til dei som sponsa og alle dei som deltok på dette arrangementet, som gjorde dette til nok ein fantastisk dag for små og store.  Og tusen takk til Friluftsrådet Vest for lån av Holsvika.

Vidar Høyland

Leiar, Sveio Jakt-, Fiske- og Naturvernforening (SJFNF)


Powered by Labrador CMS