lesarbidrag
Pensjonistforbundet sin tur til Odda
Tysdag 9. juni var Pensjonistforbundet Sveio på busstur i pøsregn til Lothepus og «stavkyrkja» hans i Odda. Full buss, 49 spente og glade pensjonistar var med på turen.
Vel framme i Langhuset venta god middag med laks, dessert og kaffi. Eit fortreffeleg måltid som kan anbefalast. Ettersom vêret ute ikkje freista til særleg omvisning vart det god tid til å nyta og fotografera dei mange eventyrleg flotte detaljane inne i bygget og litt suvenirhandel.
Vaffelstopp
Etter ein god pause kjørte me ned til Odda for ein liten sightseeing i gågata med diverse kleshandling med meir.
Nå var det tid å snu på heimveg med stopp på Åkrafjordtunet for nysteikte vafler og kaffi. Turleiaren hadde ordna med både sangar, quiz og historier frå Ingvar Moe, og ei i turfølgje fortalde diverse vitsar, alt mens me kjørte, og humøret var på topp heile dagen.
Takk!
Tilbake i Sveio 19.30 og då var regnet slutt og blå himmel var på vei. Takk til alle som var med!
Særleg takk til den unge flinke sjåførdama for særdeles behageleg køyring, og takk til Sveio Taxi Turbuss for godt tilrettelagt tur.
Einar T. Halleland
Leiar i Pensjonistforbundet Sveio