lesarbidrag
Sommartur til Bømlo
Sist veke arrangerte pårørandeforeininga ved Sveio omsorgssenter den årlege «blåturen» for bebuarar med medhjelparar og pårørande.
Denne gongen gjekk turen vestover til nabokommunen vår Bømlo. 36 forventningsfulle kvinner og menn møtte opp ved bussen i god tid. Sjåfør Johnny med fleire fekk alle vel om bord før me sette kursen mot Buavåg og ferja til Langevåg.
På overfarten fortalde turleiaren om tida då ulike utgåver av samband trafikkerte fjorden, og fleire hadde gode minner frå turar med desse ferjene.
Vel i land fortsette turen på gode vegar nordover til Kulleseidkanalen. Her var middag, dessert og kaffi bestilt, og mange godord vanka det for god mat og flott service i Kulleseidkanalen gjestehamn.
Trubadur Kurt Inge Larsen tok oss gjennom soga om bygginga av kanalen ved hjelp av bilde og sjølvkomponerte viser. Me fekk også høyra om gullrushet på Lykling for snart 150 år sidan. Engelskdrivne gruver tok ut over 250 kilo reint gull her, og dette førte til store endringar i den vesle bygda i dei knappe 30 åra det stod på.
Turen heim gjekk via Trekantsambandet tilbake til Omsorgssenteret.
Mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane – og i år spela vêrgudane verkeleg på lag med oss. Sol og full sommar og gjorde at turen fekk ein ekstra dimensjon. Pårørandeforeininga håpar at tradisjonen med ein blåtur før sommerferien held fram som tradisjon også neste år.
Takk til leiing og personale på Sveio omsorgssenter som var til stor hjelp under planlegging og gjennomføring av turen, og for økonomisk bidrag.
Jan Enerstvedt