meiningar
14-åring køyrde elsparkesykkel i 79 km/t
Politiet målte farten på ein elsparkesykkel til heile 79 kilometer i timen i Tysvær. Det var ein 14-åring som køyrde. Nå er elsparkesykkelen inndratt.
Det var 18. mars i år at politiet observerte ein elsparkesykkel som heldt svært høg fart i Tysvær. Det blei raskt klart at han gjekk langt fortare enn det som er lovleg.
– Føraren var ein tenåring som er under den kriminelle lågalderen. Farten blei målt til 79 kilometer i timen, fortel Ellen Rinck, politifagleg etterforskingsleiar.
Politiet oppretta straffesak, og elsparkesykkelen er nå inndratt med samtykke.
– Kunne fått svært alvorlege konsekvensar
Rinck understrekar kor farleg det er å køyre elsparkesykkel i slike hastigheiter.
– Ein elsparkesykkel i denne farten representerer ein betydeleg risiko for både føraren sjølv og andre trafikantar. Hadde det skjedd ei ulykke, kunne konsekvensane blitt svært alvorlege.
Ho forklarer at inndraginga ikkje berre handlar om reaksjonen mot 14-åringen.
– Det handlar om å hindre nye lovbrot og redusere risikoen for alvorlege ulykker.
Ber foreldre følge med
Kine Andersen, politikontakt i Tysvær, Sveio og Bokn, oppfordrar foreldre til å vere merksame på kva slags elsparkesyklar barna bruker.
– Politiet er opptatt av å førebygge alvorlege trafikkulykker blant barn og unge. Denne saka viser kvifor det er viktig at køyretøya er lovlege og i forskriftsmessig stand.
Ho ber foreldre undersøke om elsparkesyklane er bygde om for å kunne køyre fortare enn regelverket tillèt.
– Me oppfordrar føresette til å interessere seg for kva slags elsparkesyklar barna bruker, og om dei er manipulerte.
Andersen varslar at politiet vil halde fram med å følge opp slike saker.
– Det vil me gjere både gjennom kontrollar og førebyggande arbeid.