meiningar

Inger Lise Blyverket står på en hyteterrasse omgitt av høstfarget skog.
Ein god tur treng verken vere lang eller krevjande. Den viktigaste turen er den vi faktisk tek, og den vi tek saman med andre, skriv Inger Lise Blyverket, generalsekretær i DNT.

Den viktigaste turen

Noko av det viktigaste vi kan gjere for den psykiske helsa vår, er også det enklaste: å gå tur saman med nokon vi bryr oss om.

10. oktober blir verdsdagen for psykisk helse markert. Det er ei viktig markering fordi ein tredel av oss som bur i Noreg slit med psykiske helseplager som uro, einsemd og bekymring.

I den samanhengen vil eg oppmode deg som les dette om å invitere nokon du kjenner, men kanskje ikkje har sett på ei stund, med på ein tur. Prøv det i løpet av oktober, og kanskje er dette starten på gode turvanar for både deg sjølv og den du inviterer?

Det ligg ei enkel oppskrift bak ideen. Forsking viser nemleg at det å vere aktiv i naturen kan motverke stress, gjere at vi søv betre og bidra til auka livskvalitet.

Dessutan er det å gå tur ein av dei enklaste aktivitetane vi kan gjere saman med andre. I naturen er det rom for både samtalar og stillheit. For mange er det lettare å snakke om det som er tungt når ein er ute på tur. Samtidig er naturen ein av de få stadene der vi kan møtast utan å snakke, berre vere saman og vere til stades i augneblikket, utan skjermar.

På tur får vi også høve til å utfordre oss sjølve, kjenne på meistring eller utvikle nye ferdigheiter. For nokon kan det vere å gå opp til ein topp, for andre å prøve ei ny turløype, ein ny aktivitet eller å lage ein ny middagsrett over bålet.

Nettopp desse tinga, å vere aktiv, å vere saman med andre og å gjere noko som gir meining og meistring, er det forskarane kallar ABC for god psykisk helse.

ABC-modellen er laga for å vise at dei fleste kan styrkje den psykiske helsa si gjennom desse tre relativt enkle grepa. Og for dei fleste av oss kan desse tre tinga kombinerast ved å gå ein tur saman med andre.

Er du nyinnflytta, manglar nettverk eller har lyst til å bli ein del av eit eksisterande fellesskap? DNT har eit breitt turtilbod som passar for alle, uansett kva turerfaring du har. Her er det også gode moglegheiter til å engasjere seg som frivillig og vere med på å gjere noko meiningsfullt for andre i nærmiljøet ditt.

Ein god tur treng verken vere lang eller krevjande. Den viktigaste turen er den vi faktisk tek, og den vi tek saman med andre. God turhaust!

Inger Lise Blyverket, generalsekretær i DNT

Powered by Labrador CMS