nyhende

Ei sprøyte blir ført inn i overarmen under vaksinering.
FHI ventar vidare smitteauke fram mot jul.

Influensa­utbrot i gang: – Ta vaksinen no

Både influensa og koronasjukdom aukar. FHI ventar vidare smitteauke fram mot jul. Alle som er anbefalte vaksine mot desse sjukdommane, bør ta denne no.

Publisert

– Vern mot influensa og covid-19 blir oppnådd éi til to veker etter at du har teke vaksine. Det er derfor viktig at dei som er anbefalte vaksine tek han no, før smitten aukar ytterlegare, seier overlege Ingvild Fjeldheim ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Dei som blir anbefalte influensavaksine, er:

  • Alle frå fylte 65 år.

  • Barn og vaksne i definerte risikogrupper.

  • Gravide etter 12. svangerskapsveke, og tidlegare i svangerskapet ved tilleggsrisiko.

  • Helsepersonell med nær pasientkontakt

– Så langt denne sesongen har om lag 1 million personar teke influensavaksine. Fram til og med veke 47 har 49 prosent av alle over 65 år tekne vaksinen, seier Fjeldheim.

Forseinkingar i leveransane frå produsenten førte til at enkelte kommunar måtte vente på vaksinane. Dette er no løyst, og alle kommunar har god tilgang på vaksine.

Powered by Labrador CMS