nyhende
Klinkis på vegane: – Det skjer på eit knips
Regn, kulde og salt som renn bort har skapt svært glatte vegar i Sveio. Kommunen sine mannskap har vore i arbeid sidan tidleg morgon.
Klokka 03.30 om morgonen fekk Jon Anders Semb ein telefon frå ei kvinne som fortalde om særs glatte vegar.
– Då var det klinkis. Eg heiv meg i bilen og fór ut, og kom nesten ikkje opp på jobb eingong. Så glatt var det, fortel Semb.
Frys på med ein gong
Han arbeider med drift og anlegg og har ansvar for brøyting og strøing på dei kommunale vegane. Etter telefonen kalla han ut alle mannskapa.
– Dei har vore ute og strødd to-tre gonger. Men det regnar, saltet renn vekk, og så frys det igjen, seier han.
Fleire stader i Sveio har det vore trafikale utfordringar i morgontimane måndag. Like etter klokka 07.30 sklei ein semitrailar av vegen på Gullvegen. Sjåføren kunne fortelja at vegen var spinnglatt, og at han mista veggrepet i ein sving. Her vart det ikkje meldt om personskadar, og bilbergar kom til staden og fekk trekt vogntoget ut på vegen att.
Berre nokre hundre meter lenger borte kunne det likevel gått skikkeleg gale då ei kvinne i 20-åra køyrde av vegen og hamna på taket i elva ved avkøyringa frå Tittelsnesvegen til Vågedalen. Kvinna vart frakta til sjukehus. Også her melde politiet om særs glatte vegar.
– Når me kjem, er det klinkis. Det skjer på eit knips, så er det stålis, seier Semb.
Vanskeleg å oppdaga
Kommunen har rundt 12 mil med veg å halda kontroll på, i tillegg til vegane i bustadfelta. Arbeidet er fordelt på fem roder som dekkjer område frå Valevåg og Førde til Sveio, Vikse og Våga.
Ei rode er eit avgrensa område som ein entreprenør har ansvar for. Når alle er kalla ut, er seks personar i arbeid samstundes.
– Det er nok å gjera på, dag og natt, seier Semb.
Ifølgje Andersen var det meldt temperaturar frå rundt to gradar og ned mot null fram til ti-tida måndag morgon, før det igjen er venta frost i kvelden.
Han ber bilistane vera ekstra forsiktige. Når vegen er våt, kan det vera vanskeleg å oppdaga isen før bilen mister veggrepet.
– Alle må ha skikkelege dekk. Når det er vått på vegen, ser du ikkje nødvendigvis at det er glatt. Då må me køyra med vit, rett og slett.
På spørsmål om han framleis møter bilistar som ikkje har skifta til vinterdekk, er svaret kort:
– Ingen kommentar, men ja.
Les også: