nyhende

Vogntoget begynte å skli på den svært glatte vegen.

Vogntog i grøfta på Gullvegen

Klokka 07.36 melder Vegtrafikksentralen om eit trafikkuhell på Gullvegen, og at det er fare for stengt veg.

Publisert Sist oppdatert

SISTE: Bergingsbil har no fjerna vogntoget, og det er normal ferdsel på vegen igjen.

Hos Vegtrafikksentralen ligg hendinga framleis merka med fare for stengd veg like før klokka 12.00. Varselet er endra til 14.36 som sluttpunkt. På pressetelefonen opplyser dei til Vestavind at vegen er salta, og at det er manuell dirigering på staden til bilbergar har fått opp vogntoget som står i grøfta. Når det skjer vil vegen bli stengt ein kortare periode.

Eit vogntog har hamna i grøfta på Gullvegen eit stykke sør for krysset Vågedalen-Gullvegen retning Ekrene måndag morgon.

Kart med vegkryss, gult åtvaringsskilt, innsjøar og stadnamn
Kart: Statens vegvesen / Vegtrafikksentralen

Det er svært glatte vegar i området melder Vestavind sin journalist på staden. Han har fått opplyst at bergingsbil er venta om lag klokka 08.30.

– Ifølge sjåføren var det så glatt på vegen at vogntoget hadde begynt å skli, seier journalist Jarl Vidar Meling.

Klokka 08.22 melder Meling at trafikken går tilnærma normalt på staden.

– Bilane blir dirigert av sjåføren på vogntoget og ein tilfeldig bilist. Politiet er ikkje på staden, fortel han.

Les også:

Powered by Labrador CMS