30. mai 1996:

Dei var best! Her er nokre av junior-damene til Sveio I.L. (Me manglar namn på desse, send oss gjerne namna til tips@vestavind-sveio.no

Slo Haugar 7–0

Denne saka var på trykk i Vestavind 30. mai 1996. 

Publisert

I år har Sveio I.L. for første gong stabla på beina eit junior-damelag. Sist veke slo dei Haugar 7-0 på heimebane.

Trenar John Johansen og ass.trenar Torgeir Enerstvedt var ikkje lite stolte av junior-damene sine etter 7-0 sigeren over Haugar.

Av tre kampar denne sesongen har dei vunne to og spelt ein uavgjort.

Toppscoraren

Linda Iren Sæ stod for fire av dei sju måla, noko dei andre jentene på laget gjerne ville snakke om.

– Ho er toppscoraren vår, smilte dei.

To av måla var dei særleg imponert over; det som kom etter eit skot med venstra og for ikkje å snakke om stup-headinga.

– Vi kunne vel fått nokre mål til, men ein kan jo ikkje ta heilt sjølvtilliten frå motstandaren, stakkarane. I dag var vi absolutt best, slår dei fast.

Dana Cup

Målsetjinga er å kome med i sluttspelet, berre dei to beste i divisjonen går vidare til kretsspelet. Og der har junior-damene frå Sveio lyst å delta.

Trenar Johansen hadde planar om å dra til Norway Cup med laget sitt, men må sjå langt etter deltaking på Ekebergsletta.

– Flesteparten av jentene ynskjer å arbeide akkurat i den tida, så vi får vel prøve å kome oss til Dana Cup i staden. Hadde tenkt oss til Sandefjord men turneringa der blei avlyst, fortel han.

Fotball føre eksamen

Torgeir Enerstvedt droppa faktisk eksamensførebuinga for å sjå junior-damelaget spele mot Haugar.

– Eg skal ha norsk-eksamen i morgon, men i dag måtte eg altså prioritere fotballen først, smiler Torgeir.

Ein spøkefull Johansen spør seg om unge Enerstvedt hadde prioritert annleis om det var eit gutelag han trente.

Neste veke er det ny heimekamp på Sveio stadion, då møter junior-damene Vard. Kanskje ein litt tøffare match enn mot Haugar? Sist gong dei møttest, i ei turnering, tapte sveibuen 2-0 mot haugesundarane.

Powered by Labrador CMS