22. august 1996:

Marit Tjoflot, Silje Eriksen, Linda Drengstig og Marit Johanne Bjelland er MC-interesserte jenter som snart skal køyra rundt på eiga hand.

Svart skinn og blanke syklar

Denne saka var på trykk i Vestavind 22. august 1996.

Publisert

Det blinkar i blanke syklar og kryr av svartkledde ungdommar på Våga om dagane. Kanskje vaiar eit sørstatsflagg i vinden ved eit gammalt gardshus? Nystarta Rebels MC Hordaland kjem nok til å setja sitt preg på den vesle bygda ved Ålfjorden i tida som kjem.

Gruppe motorsyklistar på ein grusveg ved eit hus og skogkledd landskap.
Dette kjem til å bli eit vanleg syn på Våga i tida framover, etter at Rebels MC hordaland har flytta inn i klubbhuset sitt.

MC-klubben starta opp i sommar, som nystarting av ein tidlegare klubb. Både namn, flagg og logo har dei arva etter forgjengaren. Trass i det opp­rørske namnet, forsikrar dei at dei er berre snille gutar og jenter.

– Me vil prøva å skapa eit positivt bilete av MC-miljøet, seier medlemmane.

Sommaren har dei brukt til å måla og fiksa opp klubbhuset på Våga, der dei har oppnådd mykje med små investeringar.

Det er Bjarne Våga, far til ein av medlemmane, som har spandert ein tilhaldsstad på dei motorsykkelinteresserte ungdommane.

– Eg er glad i ungdom og ungdomsarbeid, seier Våga. – Dei må jo ha ein stad å vera, og sidan huset sto tomt, er eg glad for at dei kunne bruka det. Naboane har vore positive til tiltaket, og eg trur ikkje dei vil få nokon problem med ungdommane.

MC-interesserte jenter

Det er ein myte at jenter i MC-miljø er «eksosryper» som berre sit bakpå med typen. Det vil jentene i Rebels MC motbevisa. Rett nok sit dei bakpå førebels, men dei har andre planar. Alle dei fire jentene held på å ta lappen, og ei har alt sykkel som står klar og ventar.

– Så det er ikkje gutane som har drege dykk med i klubben?

– Nei, me er med fordi me vil det sjølv, seier Marit Tjoflot, Silje Eriksen, Linda Drengstig og Marit Johanne Bjelland. Førebels dei einaste jentene i MC-gjengen, som tel omlag 25 medlemmar i alderen 18–30 år.

Powered by Labrador CMS