5. september 1996:

Sveio sine gutespelarar. Bak f.v. Per Flemming Lothe, Helge Geithus, Geir Age Nesse, trenar John Kristian Lønning, Pål Sveen, Birger Bjelland og Helge Wistrøm. 2. rekke f.v. Tomas Birkeland, Trygve Johan Studsvik, Øystein Frøkedal og Johnny Lønning. 1. rekke f.v. Trond Oskar Hovland Johannesen, Ronny Eidsvåg, Ellef Reiersen, Stefan Toft, Øystein Jensen og Arne Johan Bjelland Nymark. Jan Terje Hoem, Thomas Våge og Odd Arild Larsen var ikkje til stades. Det var heller ikkje den andre trenaren, Eivind Nesse. - Det er flott at me har med spelarar frå mest heile kommunen i denne flotte gjengen, seier John Kristian Lønning.

Mål på bestilling

Denne saka var på trykk i Vestavind 5. september 1996.

Publisert
Ein nøgd storscorar i sitt rette element - i nærleiken av nettmaskene. Øystein Frøkedal scorar villig vekk mål på fotballbanen.

Fotballspelarane i Sveio er stadig på farten. Det går alltid eit tog, vert det hevda - på same viset kan ein seie at det alltid er eit eller fleire Sveiolag med i ei eller anna turnering. Førre helg deltok Sveio med fire lag i Statoil Cup i Grinde. I guteklassen (f. -84) stilte Sveio med to lag. Trenar John Kristian Lønning fortel at dei hadde vald å ikkje toppe noko lag, men heller blande desse til to jamne lag. Ein av spelarane skilde seg likevel ut. Øystein Frøkedal dundra inn heile elleve mål i løpet av turneringa, og viste elles spel av høg klasse.

Kampane blei spelt på grasbanen til Skjold og kvart lag fekk spele fem kampar. Sveio fekk to lag til A-sluttspelet, medan dei to andre måtte ta til takke med B-spel.

I A-sluttspelet måtte Sveio gje tapt mot heimelaget Skjold i semifinalen med sifra 1-3.

Men det andre gutelaget, som måtte nøye seg med spel blant dei nest beste, gjekk like godt til topps. Dei slo Sunde 2-1 i finalen, etter to scoringar av Øystein Frøkedal.

– Den spelaren kan nå akkurat så langt han vil, seier trenar Lønning imponert.

Sjølv vil ikkje storscoraren seie så mykje.

– Eg får framspel frå dei andre på laget og så puttar eg berre ballen i mål, seier Frøkedal sjølvutslettande. Han teier still med at han svært ofte gjer heile arbeidet sjølv. Driblar av det som måtte passe, før han set ballen i mål. Han er meir oppteken av å skryte av medspelarane sine.

– Dei er eg nøgd med, seier storscoraren med passeleg trykk. Men om han er ei plage og eit uromoment for motspelarane, er han helst roleg og stillfaren utanføre. Vestavind sin må hale orda fram.

Cantona

Ambisjonar som spelar har han ikkje lagt seg til med enno. Det viktigaste utanom at hans eige lag vinn, er at favoritten Eric Cantona og Manchester United vinn.

Frøkedal held og eit vakent auga med FK Haugesund og Sveio, i den rekkjefølgja. Elles ser ikkje unge Frøkedal heilt vekk frå at han gjer som favoritten Cantona, og brettar opp kragen - viss dei får krage på draktane sine vel og merke. Akkurat det har han ikkje heilt teke stilling til, men det høyrest spanande ut og burde verkeleg vere noko å jobbe vidare med, meiner goalgetter Øystein Frøkedal.

Powered by Labrador CMS