22. august 1996:

Torbjørn Pedersen (t.v.) og Morten Åsbø scora Sveio sine mål. Det var likevel ikkje nok til å hindre at det blei tap mot skotske Greystone Rovers. Gjestene vann 3-2 i ein velspela og spanande kamp.

Internasjonalt i Sveio

Denne saka var på trykk i Vestavind 22. august 1996.

Publisert

Førre onsdag var det internasjonal sus over gras­teppet på Sveio stadion. Vertskap var Sveio idrettslag og skotske Greystone Rovers var gjester. Og sjølv om Sveio gjorde ein god kamp vart det siger med 3-2 til det robuste skottemannskapet. Men heimelaget har likevel all grunn til å vere nøgde med kampen. Greystone hadde nemleg fleire spelarar som var noko eldre enn Sveio sine, men trenar Nils Arne Lie ville nytte høve til å gi sine spelarar skikkeleg kamptrening, difor henta han ikkje inn andre.

Sveio tok leiinga med både 1-0 og 2-1, noko som og var pauseresultatet. Heimelaget tok tak i kampen frå første spark og imponerte med sjanseskapande, teknisk fotball. Det såg ut til at skottane vart noko overraska over det gode heimelaget, men dei klarte ved hjelp av fotballforståing, fart og fysikk å hale i land ein fortent siger til slutt.

Sveio er svært gode framover på banen, der fleire av spelarane viste fram både tekniske lekkerbiskenar og stor offensiv vilje. Men bakover held det ikkje heilt. Det noko trege Sveioforsvaret hadde si fulle hyre med å demme opp for hurtige skottar, som til tider raste frå sine norske motspelarar.

Talent

Sveio sine mål blei scora av Torbjørn Pedersen og Morten Åsbø. To spelarar som held høgt nivå, og som kan nå langt om utviklinga held fram og viljen er til stades.

Trenar Lie er godt nøgd med gjennomføringa, sjølv om laget kom meir bakpå enn ønskjeleg utover i kampen.

– Men eg synest dette var ein godt gjennomført kamp frå vår side, og gutane synest det var heilt topp å få møte eit utanlandsk lag, seier Lie.

Greystone Rovers kjem frå byen Dumfries, og har sidan 1971 vore ein slags vennskapsklubb med Haugar. Desse to klubbane har med jamne og ujamne mellomrom vitja kvarandre. Den skotske troppen er under opphald inkvartert privat hjå Haugarmedlemmer.

Før Greystone Rovers spelte mot Sveio hadde dei vore i Bergensdistriktet og blant anna spelt mot Brann.

Powered by Labrador CMS