30. april 2001:

Kongen fekk blomar og vart ønskt velkommen til Sveio av ordførar Olav Haugen, Belinda Mikkelsen og Magnus Apeland (skjult).

Då Kongen besøkte Sveio

Denne saka var på trykk i Vestavind 4. mai 2001.

Publisert

Då kong Harald besøkte Sveio

  • Kong Harald vitja Sveio 30. april 2001, som den første norske kongen på offisielt besøk i kommunen. Eit hundretals personar møtte fram på Ulveraker.
  • Ordførar Olav Haugen heldt tale, og born frå Sveio barnehage gav Kongen blomar. Kongen fekk måleriet «Trekantdraumen» og planta ei kvitstamma bjørk.
  • Det historiske besøket varte i nøyaktig ti minutt. Kongen reiste vidare medan publikum vifta med norske flagg.

Oppsummeringa er generert av Labrador AI, men gjennomlesen av ein journalist.

Så har Sveio omsider hatt besøk av ein norsk konge. I løpet av ti minuttar høyrde Kongen ordførar Olav Haugen tale, han mottok blomar og maleri, planta eit tre og vinka til publikum. 

På førehand vart det bestilt strålande sol, men sjølv om ikkje det ønsket vart oppfylt så kom Hans Majestet kong Harald til Sveio. Det var tross alt det viktigaste for eit hundretals personar som var samla i busslomma på Ulveraker då ordførar Olav Haugen tok Kongen i mot. Magnus Apeland (6) og Belinda Mikkelsen (5) frå Sveio barnehage fekk æra av å overrekkje blomar til Kongen.

Ordførar Olav Haugen heldt tale kor han snakka om vakre Sveio kommune, Trekantsambandet og barnehagebarna som var til stades.

– Om arrangementstaden her, kan vere både aude og kald har me i dag samla noko av det mest verdfulle me har. Ein verdi som for oss overstig både Trekantsambandet og all annan materialistisk verdi. Den oppveksande slekt, her representert ved det vakraste, reinaste og rikaste me får lov til å ta hand om, våre minste, våre barnehageborn, sa ordføraren om barnehageborna som hadde møtt talrike opp.

Haugen håpa også Kongen ville minnast Sveio-besøket med glede.

Når denne stopp snart er historie, er det vårt håp og vårt ønske at Dykkar Majestet i Dykkar minnekrans samla gjennom åra i mange arrangement, vil ha plass til ein liten «hjarteblome» her frå Sveio kommune. Ein «hjarteblome» som minnast det aller – aller største for oss, dei minste, våre born.

Ordføraren takka også Kongen for besøket, og sa at dette var ei historisk stund som vil minnast med takksamd og glede.

Barnehageborna var forventningsfulle føre kongebesøket.

Fort gjort

Etter at ordførar Olav Haugen var ferdig med talen sin overrekte han Kongen maleriet «Trekantdraumen» måla av Sivert Ørevik.

Sivert Ørevik sitt maleri «Trekantdraumen» vart overrekt Kongen.

Så var det tid for å plante tre. Kong Harald planta ei kvitstamma bjørk som skal vekse som minne om då Sveio hadde kongebesøk, den 30. april 2001.

Kongebesøket var over like fort som det byrja. Ti rundar går fort for minuttvisaren på klokka. Etter nøyaktig ti minuttar forlét ein smilande og vinkande kong Harald busslomma på Ulveraker til vifting av norske flagg.

Vestavind prata med nokre av borna som var til stades under kongebesøket. Dei hadde stort sett eit bra inntrykk av Kongen. Det dei ikkje forstod var kvifor Kongen hadde så enormt med politifolk med seg. Fire år gamle Torkel Sinnes hadde svaret på kvifor Kongen ikkje hadde krone på seg. Det har han nemleg aldri når han er ute, berre når han er inne. Elles var inntrykket borna hadde at Kongen er ein hyggjeleg person som vinka og såg snill ut.

Ein smilande kong Harald tek her farvel med Sveio for denne gong.
Powered by Labrador CMS