19. september 1996:

To personar lagar mat saman ved eit kjøkkenbord med skåler og ingrediensar.
Alf Helge Lien og Gro Marit Haugsgjerd førebur det sunne måltidet, med heimelaga rundstykker og pålegg sponsa av landbrukssamvirket.

Sunt og godt for Førde­-­elevar

Denne saka var på trykk i Vestavind 19. september 1996.

Publisert Sist oppdatert

Sunn mat er ikkje kjedeleg. Det er 7. klassingane i Førde samde om. Førre torsdag avslutta dei prosjektet «Kosthald, mosjon og helse» med sjølvlaga lunsjbord på skulen.

Måltidet vart skipa til i samband med den landsomfattande «matpakkeveka», som Statens ernæringsråd står bak. Elevane har vore delt i grupper som har sett på mat i global samanheng, livsstil, helse, naturen som spiskammer og mat før i tida.

Barn lagar mat saman rundt eit bord med skåler, matvarer og kjøkkenutstyr.
Dette var noko anna enn svett ost i nistepakken! Sjuandeklassingane i Førde forsynte seg godt av lunsjbordet dei hadde sett opp i gymsalen.

Slutten på matpakkeveka og prosjektet feira dei med nettopp ikkje å ta med matpakke. I staden dekte dei opp med langbord i gymsalen og stilte istand eit svært så appetittvekkjande lunsjbord med både heimelaga frukostblanding og rundstykke.

– Meininga er at me skal eta eit måltid som både er sunt og ser godt ut, forklarer Gro Marit Haugsgjerd medan ho strevar med å få agurken til å stå fint på rundstykket. Eit rikt utval av ostar, skinke og grønsaker er sponsa av landbrukssamvirket.

– Så de ville ikkje heller hatt brus og skuleboller?

– Nei, det er godt dette her - rundstykke med skinke og sånt, meiner Alf Helge Lien. «Dei der myggla ostane» som Tine har spandert, er elevane meir skeptiske til. Men elles gjekk det meste ned på høgkant då dei fekk benka seg rundt langbordet.

Powered by Labrador CMS