8. august 1996:

Lagkaptein Bente Alsaker er godt nøgd med sølvmedaljen. Ingen grunn til å vere skuffa over finaletapet, synest ho.

Sølv i Norway Cup-premieren

Denne saka var på trykk i Vestavind 8. august 1996.

Publisert

Det er ikkje berre i Atlanta at bombene smell. Også under andre idrettsarrangement vart det detonert bomber. Som til dømes under Norway Cup i Oslo. Der presterte Sveio sitt jentelag sist veke å spele seg heilt fram til finalen, og sett med lokale auge var det ein skikkeleg smell.

Rett nok reiste dei blide jentene frå Sveio over fjellet i håp om å gjere ein brukbar innsats - men finalespelet på Ullevål? Nei, kun i den vidlaste fantasi.

Ein kjempegjeng

Det er karakteristikkene trener Oddvar Vikse gir jentene sine. Han vil ikkje ha æra for suksessen. Det er jentene sjølv som har prestert noko, meiner Vikse.

– Eg har berre drive med rettleiing, eg, seier suksesstrenaren. Han meiner sjølv han har hatt ei takknemleg oppgåve. Jentene har gjort det dei har fått beskjed om, og då er det enkelt å vere trenar. Si eiga rolle oppe i suksessen vil han ikkje ha særleg snakk om.

Og med tanke på at jentene berre har trent ein gong i veka framføre sesongen fortel også sitt om kva potensiale som bur i laget, seier Oddvar Vikse.

Sveio har hatt politikarar som har erobra sete på Stortinget, dei har hatt barskingar som har gått på ski tvers over Grønland. Trubadurar med «Ein skigard osv.» Men det til saman gir ikkje slik gjengklang som medalje i verdas største fotballturnering gir.

Ordførar Magnus Skåden er imponert over jentene sin prestasjon. For å vise kva pris kommunen set på jentene, vart det arrangert ein samankomst på Sambrukshuset søndag, der jentene fekk både pengar, blomar og flotte ord frå ordføraren.

– Det er kjempeflott at me har lag med ei slik stor turnering, og som lykkast på dette viset. Det er og ein flott måte å marknadsføre Sveio på, seier Skåden.

– Var det eit sjokk at det gjekk så bra?

– Nei, eg har tru på sveibuen, eg, seier ordførar Skåden, og viser til at sveibuen har markert seg med bravur i større samanhengar også tidlegare.

Positivt minne

Då Anette Emberland sette inn 1-0 i semifinalen mot Koll, og sikra Sveio finaleplassen, var jentene alt kome så langt at dei for lengst var blitt lokalt idrettshistoriske. No blei finalen eit veritabelt antiklimaks, resultatmessig, men for jentene vart det likevel eit positivt minne. At svenske Sätra vann heile 7-0, var langt frå nok til å dempe gleda til Sveiojentene. Finalelørdagen blei ein spesiell dag på fleire måtar. Når ein er med i Norway Cup må ein sjølvsagt vere innstilt på å stå tidleg opp, men å stå opp klokka 05.00 om morgonen for å gjere seg klar til kamp høyrer mest ut som det glade vanvidd.

God trenar

Blant dei som tok tapet med fatning er lagkaptein og midtbanespelar Bente Alsaker. Ho har inga forklaring på korleis det kunne gå så bra - fram til finalen.

Anna enn at miljø, samhald og ikkje minst trenaren Oddvar Vikse har vore vesentlege element. Trenaren Vikse har gjort utruleg mykje med laget, meiner Alsaker. Særleg når det gjeld organisering, jobbing utan ball og ansvarskjensle har Vikse fått laget opp på eit høgare nivå.

– Trenaren gir klare beskjedar og får oss til å jobbe. Han har lært oss masse, han er ein kjempegod trenar, skryt kaptein Alsaker.

Midtbanen svikta

Lagkaptein Bente Alsaker er godt nøgd med sølvmedaljen. Ingen grunn til å vere skuffa over finaletapet, synest ho.

Når det gjeld årsaka til dei styggje sifra i finalen, meiner ho det er fleire ting som spelte inn. Sjølv om taktikken var klar, med full jobbing og første mann på ballen, var det svenskane som styrte festen. Midtbanen gjorde ikkje det dei hadde fått beskjed om. I staden for å jobba bakover, blei dei passivt ståande og beundre kjappe, ballsikre svenskar.

– Me på midtbanen gjorde ikkje jobben vår, vedgår kaptein Alsaker. Kvifor det blei slik veit ho ikkje. Men dei sleit tungt frå start. Fleire av jentene var skadde, i tillegg til at heile laget var temmeleg slitent.

Turneringslag

Ein skal hugse på at det svenske laget er eit rutinert turneringslag, med mange feite skalpar i beltet frå før. At dei var meir enn vanleg nervøse var og ein medverkande faktor, trur Alsaker. Ho fortel om lange køar foran doskåla i garderoben før kampen.

– Nei me fekk det berre ikkje til denne dagen, seier ho.

Kapteinen meiner samstundes at dei ikkje brydde seg nok, dei var nøgde med det dei hadde oppnådd likevel. Det var trass alt første gongen jentene var med i Norway Cup, det seier også sitt om prestasjonen. Og medalja til kaptein Alsaker skal hengje godt synleg på rommet ein stad - ho jobbar for tida med å finn ein høveleg stad.

No er det fotballferie for jentene denne veka, før treningane startar opp att neste veke.

Powered by Labrador CMS