Heine Eidsvåg, Tina Eidsvåg med hunden Janka og Camilla Svanberg Hansen feira midtsommar slik det skal gjerast.Vestavind (arkiv)
Full fyr på Tittelsnes
Denne saka var på trykk i Vestavind 27. juni 1996.
Svein O. HansenSvein O.Hansen
Publisert
At det ikkje skjer noko på Tittelsnes er ein myte. Rett nok kan det vere at aktiviteten på kaien ikkje er like stor kvar time på dagen – eller kvar veke – for den saka si skuld. Men når rette dagen er der, då går det føre seg, også på Tittelsnes. For eksempel på dagar som St. Hans. Noko vindstille er knapt registrert i denne landsdelen så langt i år, men det var ikkje til hinder for valestrendingane St. Hans-kvelden. Er det fest, så er det fest.
Laurdag kveld ignorerte valestrendingane det som var av vind og sette heller fokus på sosialt samvær og svidde pølse i triveleg lag. Inne på kafeen var det stuvande fullt med feststemnde menneske. Og spelemennene Kjell Olav Møllerhaug på gitar og Ole Lidal på dragspel fekk folk i god stemning rundt borda. Mellom anna blei «Bygda vår», laga av Øystein Skåden, sunge med innleving og respekt.
Blant dei som song fann me Astrid Haugsgjerd.
– Tittelsnes er ei perle, kom det frå Haugsgjerd før Vestavind sin hadde fått tid til å helse fint på. Då var den vanskelege starten unnagjort og det var berre å leite fram pennen. Og Haugsgjerd stod på sitt og heldt fram med at Tittelsnes er ei perle. Ho meinte vidare at det er viktig at folk møter opp når det er noko som skjer. Det viktigaste med slike tilstellingar er det sosiale, meiner ho – ikkje kor mykje glitter og stas ein kan vise fram.
Annonse
– Bygdefolket treffest litt for sjeldan – særleg no etter at butikk og post er lagt ned, beklagar Astrid Haugsgjerd, stadig smilande.
Det gjekk mange pølser på Tittelsnes laurdag. Her ein gjeng som kosar seg før det store bålet vert tend.Vestavind (arkiv)
Hyttefolk
Men det er ikkje berre bygdefolk som finn vegen til Tittelsnes St. Hans. Svein Sandvold kjem frå Haugesund, men som inngift, og med hytte og det heile kjenner han seg heime her i området.
– Eg er her kvart år, mykje skal skje om eg skal halde meg vekke, seier Sandvold. Han trivest godt i miljøet, og er i det heile full av lovord om folk og stad. Ambisjonane for kvelden strekk seg til grilla pølse.
Annonse
På kaikanten sat tre stillferdige frå Voss. Det var Ranveig (8), Olav (15) og Astrid (17), alle med etternamn Farestveit, og med slekt på Tittelsnes. Dei har besteforeldre og anna slekt her, og er på ferie i Sveio kvar sommar. Då går mykje av tida med til å bade i Hestavika og til fiske. Elles er det om å gjere å gjere minst mogleg. Det får halde med nokre kraftige symmetak i ny og ne, er det semje om på kaikanten.
Kjekke folk
Camilla Hansen Svanberg (10) sit enno lenger ute på kaikanten. Saman med Heine og Tina Eidsvåg og hunden Janka sit ho og et is – av alle ting. Camilla flytte til Tittelsnes frå Stavanger i fjor sommar, og har aldri vore lei seg av den grunn.
– Eg likar meg på Tittelsnes, her er folk så kjekke. Om ho sa det for å smiske? Høyrt slikt tøys frå ein vaksen mann! Her er det berre kjekt, slo Camilla fast, og tok ein kraftig bit av isen, for liksom å streke under at her var det alvorstakk.
Annonse
Heine Eidsvåg, Tina Eidsvåg med hunden Janka og Camilla Svanberg Hansen feira midtsommar slik det skal gjerast.Vestavind (arkiv)
Sadisme
Elles sat folk rundt små bål og spidda pølsa med både innsikt og sadisme. Medviten stakk dei seg inn i pølsa frå både sida og i enden, og såg ut til å nyte kvart sekund av seansen. Det var neppe ei pølse som kom heilskinna frå denne kvelden. Borna leika i sjøkanten, lyfta på steinar og samla krabbar i bøtter og spann. Og nokre av dei ville ikkje ha noko med Vestavind sin å gjere. Meldinga dei hadde med heimanfrå var klar nok. Styr unna gamle menn.
Og sjølvsagt var også tyskarane på plass, slik dei er kvart år. Litt før klokka ni blei det store bålet tent, og i den kalde vinden gjorde nok det ekstra godt for dei mange frammøtte.