5. september 1996:

Jenter med initiativ og sisu. Frå venstre: Maria Josefsen, Åse Jondahl, Rebecca Tappaninen og Anne Margrethe Sydnes.

Aktive 4H-jenter

Denne saka var på trykk i Vestavind 5. september 1996.

Publisert

Kom og kjøp ei vafla eller tre. Det var oppmodinga utføre butikken i Valevåg laurdag. Medlemmene i Sisu 4H kan meir enn å stelle hest og «pitla» blåbær. Dei lagar og sel vaflar som dei aldri skulle ha gjort anna.

For å skaffe pengar til foreininga si hadde dei fire jentene Maria Josefsen, Åse Jondahl, Rebecca Tappaninen og Anne Margrethe Sydnes ordna seg med vaffelrøra laga av foreldra - føremål sal og forteneste. Og varene gjekk unna, dei. Nærare 100 varme og velsmakande vaflar selde dei blide jentene før dei pakka saman butikken og drog heim.

– Skriv noko bra om 4H, spurde dei så fint.

Og då gjer me sjølvsagt det. Mykje bra kan seiast om 4H, og det arbeidet som vert gjort der. Ungdom og born som er med i foreininga er engasjert med noko positivt og førebyggjande på fritida si. At ungdommen tek initiativ sjølv er flotte greier, og når dei då i tillegg er blide og sel varme vaflar med syltetøy - då er det berre å gi seg beint over.

Skryt hadde dei og fått hjå mange av dei reisande som stakk innom salsbordet for ein matbit. Særleg var det ei dame frå Stavanger som hadde strøydd om seg med superlativ.

Og sjølvsagt var også Vestavind sin frampå og stappa i seg. Der det er mat er det godt å vera.

Powered by Labrador CMS