– Eg hadde ikkje trudd at ho Tove ville klare turen
Ragnar Bøe frå Kvalvåg set seg godt til rette i sofaen og kikkar passeleg stolt bort på dottera Tove på 17 år. Dottera har på seg ei T-skjorte som fortel om styrke og vilje. Saman har dei bak seg «Den store styrkeprøven» – sykkelløpet Trondheim-Oslo.
Den 22. juni klokka 8.45 gjekk startskotet i Trondheim, og om lag 3000 syklistar, med hovudvekt på sjølvpining, sette fart frå Nidarosdomen, retning Valle Hovin nokre gode tråkk lenger sør i kongeriket.
54 mil
Ragnar Bøe kjenner den 54 mil lange strekninga ganske godt, då det er sjette gongen han har fått godskrive turen frå Trondheim til Oslo på sykkelsetet. Nytt av året var at dottera Tove ville henge seg på hjul. Far og dotter brukte 37 timar og 46 minutt på turen totalt. Effektiv sykkeltid var på 28 timar.
Ei svært respektabel tid, særleg Tove sitt spinkle treningsgrunnlag teke i betraktning. I tillegg til hennar låge alder var det nemleg i treningsgrunnlaget til Tove far Ragnar si tvil føre løpet låg.
Det er nemleg ikkje berre å trille av garde i eige tempo, maksimaltida er på 42 timar, og dei som ikkje fiksar den kan sjå langt etter slik T-skjorte som Tove ber. Ragnar har ein gong måtta kaste inn handkleet. Gnagsår på innsida av låra gjorde det håplaust å halde fram til Oslo. Rekorden til Ragnar er på 26 timar, løyperekorden på snautt 14 timar.
Tøye grenser
Tove har i seg ein trong til å tøye grenser, gjere ting ikkje «alle» andre gjer. Ho ville vise venner og kjende at ho kunne meir enn å knyte skolissa med tre fingrar.
«Den store styrkeprøven» blei løysinga for Tove. Her kunne ho få prøvd ut det meste av det ho hadde inne i seg, meinte ho. Og turen gav ho så menn ei stadfesting av det ikkje var nokon alminneleg sopptur ho hadde lagt ut på.
Dei første mila på sykkelsete gjekk det svært så greitt, men det byrja røyne på etter som Oslo og Valle Hovin kom nærare og nærare.
– Det var hardt, hardare enn eg hadde trudd, seier Tove.
Men nokon dramatisk tur var det ikkje. Ei punktering like før Dombås for Ragnar er einaste bokførte i kolona for uhell. Og Tove slit enno med ein liten belastningsskade i eine handleddet. Veret var bra for sykling, medvind og passeleg varmt – og både lår og bakendar kom godt frå styrkeprøven. Heilt utan spor er ikkje turen likevel.
– Eg merkar på buksene at eg har teke av nokre kilo, seier Tove.
– Då det var 10-12 mil att «møtte ho veggen», då var ho så søvnig at ho berre måtte leggje seg i følgjebilen og sove, seier far og følgjesven. Dei siste mila blei det meir og meir soving på unge Bøe.
– Det var ei stor lette å kome til Valle Hovin og få dusja og ete, seier Tove og kroar seg i benken.
Men sjølv om trongen til både søvn og hygiene i ordna forhold blei merkbar etter kvart som mila forsvann under gummien leid dei ikkje noko direkte naud langs vegen. Matstasjonar med salt mat og drikke var det nok av, og rasteplassar med toalett gjorde heller ikkje det ein frå tid til annan måtte gjere til noko kunststykke.
Lite trening
Treninga til løpet starta rundt månadsskifte mars/april, og fram mot starten i Trondheim blei det 60-70 mil totalt på sykkelsete. Det er ikkje all verda. Det vert rekna med at ein bør opp i om lag 150 mil for å stå skikkeleg rusta til denne turen, fortel Ragnar.
Langt dei fleste deltakarane var menn og kom naturleg nok i mål før paret frå Kvalvåg, men dei hadde likevel om lag 50 syklistar bak seg då dei passerte målstreken på Valle Hovin.
Tøft
– Korleis reagerte venner og kjende på at du skulle gje deg i kast med denne turen?
– Dei syntest det var tøft, svarar Tove. Ho fortel at fleire av vennene kunne tenkje seg å vere med, men at dei stod over fordi dei ikkje rekna med dei ville klare det.
Og det held lengje med denne eine gongen for frøken Bøe. Noko sykkelfantom, som sitt faderlege opphav er ho på ingen måte.
Men ho ser attende på opplevinga med glede, og oppmodar andre sveibuar om å ta turen. For hennar del vert det å saumfare fantasien etter nye utfordringar.
Men ikkje enno.
Neste år vert eit kvileår når det gjeld smågalskap og liknande. Men deretter er alt ope, då kan det meste skje, hevdar Tove.
Far Ragnar har det på eit anna vis, han har ei klar målsetjing om å gjennomføre løpet ti gonger – då vankar det visstnok ei eller anna form for premiering, og det kan vere eit naturleg mål å satse mot, meiner han.
Eit liv utan asfalt i mil etter mil, pedalar, krum rygg og 12-14 gir, er ikkje noko fullverdig liv, synest me å lese mellom linjene.