4. juli 1996:

Astrid Elisabeth Tveitaskog (18) har fått Sveio kommune sitt kulturstipend for 1996.

Volleyball er kultur

Denne saka var på trykk i Vestavind 4. juli 1996.

Publisert

Astrid Elisabeth Tveitaskog (18) har fått Sveio kommune sitt kulturstipend for 1996.

Første gong stipendet blei gitt var i 1994, då det vart delt mellom Marianne Skjerping og Brith Inger Engan. Stipendet vert delt ut anna kvart år, og det er avsett 15.000 kroner. Einaste søkjar til kulturstipendet i år, var Tveitaskog, og ho får 5.000 kroner.

I retningslinene for tildeling heiter det mellom anna at den/dei som får prisen må vere busett/ha nær tilknyting til Sveio kommune. Stipendet kan brukast til vidareutdanning, deltaking på seminar og kurs eller til studieturar.

Klubben søkte

Stipendet må nyttast innan eitt år frå tildelingsdato. Mottakaren er og forplikta til å gje ein kort rapport om bruk, erfaring og utbytte. Storleiken på kulturstipendet vert fastsett for kvart år i samband med budsjetthandsaminga.

Det er Kopervik Volleyballklubb, der Tveitaskog spelar, som har søkt om stipendet på hennar vegner. Det vert i søknaden lagt vekt på dei store utgiftene Tveitaskog har hatt, særleg til dekning av reise til trening.

Astrid Elisabeth Tveitaskog (18).

Kjempeglad

– Eg er kjempeglad, seier stipendiat Tveitaskog – og ser kjempeglad ut også. At pengane kjem vel med legg ho ikkje skjul på. Å drive med volleyball på godt nasjonalt nivå, slik Tveitaskog gjer, er ingen lukrativ sak for utøvaren.

For å kunne utvikle seg vidare skifte ho ut Sveio sine raude drakter med Kopervik sine kvite og grøne før denne sesongen. Det har og vist att i lommeboka. Med trening tre gonger i veka har det blitt mange og lange turar Sveio-Kopervik tur retur.

Stagnasjon

Men klubbskifte til trass, Tveitaskog meiner sjølv ho har stagnert i utviklinga som volleyballspelar. Til hausten reknar Tveitaskog med å byrje på idrettshøgskulen i Oslo. Det fysiske kravet er bestått, endeleg svar kjem i slutten av juli. Då skal ho spele for eliteserielaget Koll, med fem faste landslagsspelarar på laget. Ho er blitt kjent med dei fleste av spelarane gjennom landslaget, så overgangen bør gå greitt, meiner Tveitaskog.

Men eliteserien i volleyball er ikkje synonymt med feite lønningar, så kulturstipendiat Tveitaskog må nok rekne med ein del utgifter også i tida framover. Og at hennar eigen heimkommune viser at dei set pris på hennar innsats innan idretten synest ho er svært kjekt.

– Det er kjempefint at kommunen støttar opp på dette viset, seier Koll- og landslagsspelar Astrid Elisabet Tveitaskog.

Stipendet vert delt ut ved eit seinare høve.

Powered by Labrador CMS