Å få helse på slektningar, kjende og ukjende er givande og interessant. Fleire og fleire finn ut det, og det eine slektsstemne etter det andre vert skipa til. Laurdag var nærare 60 medlemmer av slekta samla på Vandaskog skule for å sludre, preike og helse på kjende og ukjende. «Grunnleggjarane» av slekta er Berta og Johannes Vandeskog.
Initiativtakar til slektsstemne, Anna Mæhle Rossebø, busett i Haugesund, synest at responsen var svært god. Av dei om lag 80 som fekk brev, hadde altså nær 60 av desse høve til å kome.
Magnus Mæhle, født og vaksen opp i nærområdet, sydde det heile saman og orienterte dei frammøtte om små og store slektningar i aust og vest. Og gjestene kom verkeleg frå både aust og vest, frå Canada i vest til Oslo i aust. Eldste deltakar var 76 år.
Johannes Vandaskog underheldt og akkompagnerte med trekkspelet sitt.
Til middag var det gryterett og jordbær med fløyte og sukker til dessert. Men det blei ikkje berre ete, drukke og preika. Også stemmebanda fekk lufta seg rundt bordet. «Den glade Vandrer» gjekk med liv og lyst, tekst og melodi. Det same gjorde også for så vidt «Sveiosongen». Men berre for så vidt.
– Den var det ingen som kunne, flirer Anne Hauge, og let oss forstå at ho set det litt på spissen – sånn for moro skuld. Ved si side har ho livsleidsagar Dan Høiland, ivrig oppteken med andre runde i jordbærskåla. Han smilar, nikkar og let vel, han og. Signala frå Høiland er ufråvikelege – dette gjer han gjerne opp att.
Kjekt og koseleg
Ved andre enden av bordet sit Bertha Kristiansen Mæhle med ektemann Magne Kristiansen. Han er inngift i slekta, men synest likevel det er kjekt å få høve til å helse på gamle og nye kjenningar.
– Eg kjenner ein heil del frå før, men det er alltid kjekt å stifte nye bekjentskap, seier Magne Kristiansen. Han går svært gjerne også neste gong det eventuelt vert slektsstemne.
– Ja, dette var både kjekt, hyggeleg og koseleg, seier ein nøgd haugesundar. Etter bordsetjinga bar det ut til kaffi og knask og meir preik om slekters gang.
Døydde ung
Om det skal vere E eller A etter d’en i slektsnamnet er det springande punktet, og det vert nytta slik den einskilde finn det for godt. Berta og Johannes Vandeskog blei fødd henhaldsvis i 1866 og 1856, Berta døydde i 1958, 92 år gammal, Johannes døydde i 1901, berre 45 år gammal. Dei fekk tre jenter og tre gutar. På Vandaskog skule er det 2. og 3. generasjon som er samla denne laurdagen.
– Eg synest det måtte vere festleg å kunne samle slekta på denne måten, difor sette eg i gong, seier Mæhle Rossebø om årsaka til at ho tok initiativet. Det var i samband med eit gullbryllaup for to-tre år sidan ho først kom på ideen om eit slektsstemne. Då tanken var blitt passeleg modna sette Mæhle Rossebø i gong for fullt, med god hjelp blant anna frå døtrene.
Og me forstår at sjølv om dette er første gongen er det slett ikkje sikkert det vert den siste.
Me får nok høyre meir til Vandaskogslekta – anten det vert med E eller A etter d’en.