19. september 1996:

Tre barn med ryggsekkar står ute i eit skoglandskap.
Førsteklassingane Jeanette Mjånes, Kenneth Jacobsen og Håvard Brynjelsen marsjerte for kreftsaka.

Marsj mot kreft på Eike­land

Denne saka var på trykk i Vestavind 19. september 1996.

Publisert

I førre veke blei det slått eit slag for sunne matvanar og fysisk aktivitet på fleire av skulane i Sveio. Både matpakkeveka, som Statens ernæringsråd står bak, og Norgesmarsjen til inntekt for kreftsaka, var lagt til denne veka. 

Eikeland skule sto som arrangør for Norgesmarsjen for ei veke sidan. Alle elevane gjekk den tre kilometer lange løypa, saman med foreldre og besteforeldre og andre som ville gå ein tur for ei god sak. 

Svartkvitt foto av ei gruppe menneske ved ei fjellside og eit handskrive turmarsjskilt.
Elevar og lærarar, foreldre, hundar og barnevogner stilte på startstreken då Eikeland skule arrangerte Norgesmarsjen førre torsdag.

I tillegg til innsamlinga av pengar til kreftsaka, er formålet med marsjen å stimulera til fysisk aktivitet og sunn livsstil. Den sunne livsstilen blei òg markert med eit fellesmåltid for elevane tidlegare i veka, der meieriet og bakeriet Hauge & Lindås sytte for at ungane fekk sunn mat å eta. 

Powered by Labrador CMS