22. august 1996:

Dette treet er kanskje meir populært og meir brukt enn noko leikeapparat, seier styrar ved barnehagen på Bua skule, Liv Rysjedal Bua.

20 år med barnehage

Denne saka var på trykk i Vestavind 22. august 1996.

Publisert
Dette treet er kanskje meir populært og meir brukt enn noko leikeapparat, seier styrar ved barnehagen på Bua skule, Liv Rysjedal Bua.

Søndag 1. september skal det markerast så det merkast på Bua skule. Då er det 20 år sidan den første barnehagen i Sveio kommune blei starta. Mange bakendar har runne nedetter rutsjebanar og mange sandkorn har lagt seg i sokkar og skor sidan den gongen for 20 år sidan. Og no skal det "mimrast" og feirast med både brask og bram.

– Me vil markere denne dagen så det merkast. Ja det vert ein mini 17. mai, seier ei entusiastisk Liv Rysjedal Bua, styrar for barnehagen på Bua skule.

Rysjedal Bua blar i protokollen og peiker med ivrige fingrar. Der, og der, og der, viser ho. Styraren peiker på budsjettet for 1976, det balanserte med 9.886 kroner og 17 heile øre.

Det var ustoppelige Alf Edvin Hovda som først planta ideen om ein barnehage i bygda. Konstanse Hovda, Olaug Fagerland og Rakel Øyerhamn danna ein komite og tok tak i ideen og utvikla han fram til noko meir konkret. Desse tre tok så kontakt med kommunen. Der mangla det slett ikkje på viljen, men meir på røynsle og kompetanse. Soltun skule i Nedre Vats blei så kontakta og derfrå fekk dei tre god hjelp.

Positiv kommune

Sveio kommune var positiv til ideen og bevilga 5.000 kroner til ungdomslaget, som skulle drive barnehagen.

Det kan og nemnast at Kari Kinn har vore tilsett i barnehagen sidan starten i 1976, og er framleis i arbeid. I dag er det plass til 20 born i alderen 3–7 år. Men dei kjem ikkje berre frå Bua-krinsen, også Vandaskog, Auklandshamn og Sveio er representerte, seier Rysjedal Bua.

Blant dei 20 som går i barnehagen i dag er Raymond Lauvås Bagne. Lokalavisa sin testar gjengen i sandkassen om dei veit kva Vestavind er for noko. Unge Lauvås Bagne meiner det må vere eit travløp. Men ein av kollegaene i sandkassen, han Karl Petter Enerstvedt veit eit og anna om aviser og travløp som ikkje kompisen veit.

– Det er noko som er nett som ei avis, kjem det forklarande frå unge Enerstvedt.

Men det som gjeld mest no er den store dagen om ei dryg veke. Då vert det stor festivitas, med innbodne gjester, leiker, kafé og eit elles rikhaldig program.

– Alle som føler tilknyting er hjarteleg velkomen – både unge og gamle, seier styrar Liv Rysjedal Bua forventingsfullt. 

Powered by Labrador CMS