3. oktober 1996:

Gruppe menneske poserer i eit utsmykka kyrkjerom.
Femtiårs-jubilantane som vart konfirmert i 1946.
Første rekkje f.v. Inger Johanne (Gram Tjernagel) Jackobsen, Torill (Bjelland) Berg, Nilla (Theodorsen) Gimra, Jorunn (Kjellevold) Linnerud, Erna (Leirvik) Gulbrandsen, Arne Bua, Martha (Lyngholm) Gloppen og Alfhild (Mundal) Emberland.
2. rekkje f.v. Hedvig (Avaldsnes) Samsonsen, Sofie (Grimstvedt) Rossehaug, Birgit (Skåleskog) Bjelland, Anna (Rossehaug) Lilleskog, Olav Skjold og Sigmund Salamonsen.
Bak f.v. Nils Lie, John Magne Valen, Reidar Lier, Birger Nonslid, Agnes (Kinn) Utne, Magnus Mæhle, Bjørg (Emberland) Guttormsen, Ole Bertin Olsen, skjult bak Guttormsen, Ingolf Lokna, Magne Lauvås, Knut Lyngholm, Astrid (Haukås) Guttulsrud, Arne Emberland og Ole Hovda.
Bjørg (Haukås) Jacobsen var til stades, men ikkje på bilete. Av alle desse bur 14 i Sveio. Av dei 40 som blei konfirmert i 1946 er seks døde.

Samla igjen etter 50 år

Denne saka var på trykk i Vestavind 3. oktober 1996.

Publisert

Sist søndag var dei attende igjen, dei fleste av dei 40 som blei konfirmert i Sveio kyrkje for 50 år sidan. «Gamlepresten» Olav Emil Lauvås er død, og i hans stad var det henta inn Finnleiv Haga frå Ferkingstad. Mange av dei 29 som på ny var samla i kyrkja, var attende for første gong sidan denne søndagen i 1946.

Den dagen for 50 år sidan var det 40 staute ungdommar som knelte framføre prest Lauvås og fekk si stadfesting. Sist søndag var flokken redusert til 29 – noko eldre, men like staute «konfirmantar». Og ein laus og ledig Finnleiv Haga hadde ei rekkje bevinga, velfunderte ord å sende utover forsamlinga.

– Å halda lag, å halda lag – det var måten, meinte Haga. Det spør også alltid Jesus om, sa Haga. Han vende seg og til dei unge i kvite kapper på dei fremste radene, som er neste konfirmantflokk. – Held de lag, spurde Haga, utan å krevje svar attende.

Vend dykk uansett til vår herre gjennom å be «Fader vår», var oppmodinga frå preikestolen til dei unge.

– Slutt å tenkje på alt det tulleskap du har tenkt på opp gjennom åra. Det har ingen ting føre seg, sa Haga vidare til den eldre flokken. Han meinte med det at det ikkje skal hindre nokon i å nå fram same kor toskete dei sjølv meiner seg å ha vore. – Han tek desse 50 åra på seg, forsikra Haga.

Herren gir deg også tid – heilt fram. I framtida ligg det meir enn eit opphald på kyrkjegarden på Bjelland eller andre stader og ventar, lova Haga på Vår Herre sine vegner.

– Guds signing over dykk og livet vidare, sa vikarierande klokkar Magnhild Reinertsen Utne til 50-års jubilantane.

Og etter Gudstenesta vart det festmiddag på Sambrukshuset. Der vanka det steik, kaffi og kaker. For ikkje å snakke om dei mange gode samtalane. Gamle-konfirmantane preika og mimra og koste seg noko aldeles heilt fram til klokka sju på kvelden.

Leiar i arrangementskomiteen, Reidar Lier, er strålande nøgd med dagen. Det var topp alt. Sett vekk frå ein ting, seier Lier og vert «gram i hu».

Han gløymde nemleg å takke arrangementskomiteen for deira innsats.

– Noko av det pinlegaste eg har vore med på, då eg kom på kva eg hadde gløymt, seier Lier. Han håpar at ein hjarteleg takk no i etterkant kan rette opp noko av det han kallar sin store fadese.

Hermed går takken til Erna (Leirvik) Gulbrandsen, Birgit (Skåleskog) Bjelland, Alfhild (Mundal) Emberland, Sigmund Salamonsen og Bjørg (Haukås) Jacobsen.

Powered by Labrador CMS