Stafettpinnen er komen til Vikse skule. Ei herleg side samla med blant anna klassebilde, dikt, vitsar og teikning frå dei som gjekk på Vikse skule i 1996.
Skulestafetten: Vikse skule
Denne saka var på trykk i Vestavind 19. september 1996.
Vi tar opp att tråden frå tida med "Skulegløtt" i Vestavind, og introduserer SKULEstafetten".
No er stafettpinnen komen til….
Vikse skule
Hjertevenn
4., 5. og 6. klasse på Vikse skule har ein hjertevenn. Ho heiter Flor De Marie Fencia. Ho bur i Arequipa i Peru.
Kvar elev gir 22 kroner 4 gonger i året. Det er ca. 1.000.000 innbyggere i Arequipa. Som hjartevenn er vi med på å skapa ein betre oppvekst for barna i Arequipa.
Pengane me sendar til Flor de Marie brukar ho til skolen og skole utstyr, klede og mat.
Annonse
Arequipa ligg ved foten av en mektig vulkan som bærer navnet MISTI, og rager 5800 meter over havet. Byen ligg 2500 meter over havet, på ei ørkenslette.
Arequipa er Perus nest største by.
Trygve Johan, 6. klasse
Annonse
Teikninga av lærarane på Vikse skule er det Steinar Vikse (6. klasse) som er meister for.Teikning Steinar Vikse
Fann tjuvgods ved skulen
Ein morgon då Birger Bjelland og Trygve Johan Studsvik kom på skulen, fann dei ein påhengsmotor ved parkeringsplassen. På motoren var det festa ein lapp der det sto at dette var tjuvgods, saman med eit telefonnummer.
Trygve Johan Studsvik og Birger Bjelland.Vestavind (arkiv)
– Me trilla motoren opp til rektor sitt kontor på ei tralle, og så ringde han det telefonnummeret som sto på, fortel Birger og Trygve Johan. Nummeret var eigaren av motoren sitt. Saka er meld til lensmannen.
Fem førsteklassingar
Annonse
1. klasse ved Vikse skule. Frå venstre: Karina Altamira Våge, Toril Miriam Milford, Helene Førland Vikse, Tove Iren Askeland og Even Vikse.Vestavind (arkiv)
Ein uforglemli dag
Ein dag når eg var fira år, var eg hos farmor og farfar.
Eg var ute med noen av vennene mine så eg hadde der. Me lekte i porten, føyste fram og tilbake, så fant eg ut at eg ville klatra opp på portsøyla.
Vennene mine føyste fremdeles fram og tilbake på porten. Den beste venninna mi hadde begynt å gi fart slik at porten gjekk frem og tilbake litt fortare.
Annonse
Eg skulle til å klatra opp på portsøyla da porten kom inn til portsøyla akkurat når eg hadde fingrene oppå portsøyla.
Vennene mine sprang vekk for dei såg vell at eg blødde masse på fingrane. Eg kjente det var vont men eg grein ikkje. Eg tok den andre honda og holt under mens eg gjekk inn til farmor og farfar. Først da begynte eg og grina. Farmor tok eit lommetørkle rundt handa mi mens farfar ringte til mamma som var på jobb.
Me kjørte og henta mamma på jobben før me kjørte til sjukehuset. Når me kom på sjukehuset blei eg lagt i ei seng og trilla inn i eit lite rom. Eg skulle få ein slange nedi halsen før eg fekk narkose. Eg låg heilt i ro til å begynna med men når legen skulle ta slangen nedi halsen på meg begynte eg og sprelle med armar og bein. Mamma, to sykesøstre, ein lege og onkel Helge holdt meg.
Onkel Helge kjører sjukebil og hadde på ein eller annen måte fått greia på at eg låg der.
Annonse
Når dei endelig hadde fått slangen nedi halsen sa legen nå kommer det ei potet opp nå kommer det ei gullerot opp det var grusomt ekkelt det er alt eg husker før eg fekk narkose. Dei sydde på den eine fingern min. Når eg vakna var eg i eit lite rom det var barra senga mi og to stolar så mamma og pappa satt på, når eg såg ned på handa mi såg eg at fingrane var bandasjert.
Eg låg på sjukehuset ei natt. Eg kjeda meg kjempe masse om kvelden når eg skulle sova, mamma satt på sida av senga mi heilt til eg sovna. Neste morgon kom pappa, broren min, mormor, morfar, farmor og farfar. Seinare på dagen fekk eg koma heim igjen, eg måtte på sjukehuset ein gong i uka i ein måned, for og skifte bandasje og rense såret.
Da dei endelig tok av bandasjen på fingrane mine såg eg at nagla på ringfingeren så eg hadde mista litt av var bøyd bakover at på lange fingeren var nagla veldig løyen. Dei sa dei kunne laga kunstige negler på fingrane når eg blei store. Dagen etter fant mamma det av fingen så eg hadde mista i porten hos farmor og farfar, hu tok og kasta han i søppelkassa.
Monica, 6. klasse
Annonse
Haustdikt
Hausten er ei trist årstid. Men nyttig likevel. Regn, regn og atter regn. Men alle dei som frukttre har er haust ei gavmild tid. Med fullt av eple, plommer og ber har hausten gjort seg nyttig.
Marit, 6. klasse
Kanin!
Annonse
Kaninen min heiter Spretten han er blanding av dansk landkanin og middelskanin. Kaniner er vegetarianere og spiser gras, løvetann, brød og fôr, men kaninen min spiser ikkje fôr. Kaniner kan løftes etter øyrene. Spretten er 2 år og ein kastrert hannkanin. Spretten er kvit og brun og øyrene står opp.
Magnhild, 5. klasse
Dikt
Ein katt og ein hund på landevegen dro. Katten hadde støvler og hunden hadde sko. Rett som det var måtte hunden på do og katten stod utanfor og skratta og lo. Hi, ha, ho.
Camilla, 4. klasse
Annonse
Katten min
Katten min heiter Trulsine og den har fått 3 katongar ein er svart og vit og den andre er gull farga og svart og vit og den andre er gull farga og svart og vit.
Bjørn-Harald, 3. klasse
Vits
Annonse
Faren sa til guten: – Korleis gjekk det med forteljinga de skulle skrive om oss då vi var små? – Jo, det gjekk fint. Frøken står utenfor med to politi menn!